Årdal kommune
Årdal kommune ligg i Indre Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og grensar til Luster i vest og nord, Vang i aust og Lærdal i sør. Kommunen vart oppretta i 1863 då han vart skilt ut frå Lærdal. Dei noverande grensene er frå 1964, då eit par gardar ved munningen til Årdalsfjorden vart overførte til Lærdal.
Årdal kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 4643 |
Fylke | Vestland |
Kommunesenter | Årdalstangen |
Areal | 976.54 km² |
Areal land | 931.62 km² |
Areal vann | 44.92 km² |
Folketall | 5 277 (2018) |
Grunnlagt | 1863 |
Sammenslåing(er) | 1964: Eit par gardar frå Lærdal |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Det er tre tettstader i kommunen: administrasjonssenteret Årdalstangen, Øvre Årdal og Seimsdalen. Nitti prosent av innbyggjarane bur i ein av desse tre tettstadene.
Årdal er ein industrikommune, med Norsk Hydro som største foretak. Det mesta av anna industri er knytt opp til Hydros verksemd.
Galleri
- «Fra Årdalstangen».Foto: Ukjend/Nasjonalbiblioteket
Kjelder
- Årdal i Store norske leksikon
- Årdal kommune på Wikipedia på nynorsk
- Om Årdal på kommunens nettsider