Øvre Systog (Bykle gnr 14/44)

Øvre Systog ligg rett ovanfor bnr 41 Systog, og tomta vart utskilt derifrå i 1974. Knut B. Nesland overtok henne frå foreldra sine i Systog, sette seg opp hus her, og bur her framleis:

  • Knut Bjørgulvsson Nesland, f 1950
Øvre Systog
Rydda: 1974
Utskilt: 1974
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 44
Type: Bustadeigedom
Inger og Knut Nesland då dei gifte seg i 1976. Bilete frå Tore K., Mosdøl.
g m Inger Songedal, f 1955. Born:
  • Gyro Irene, f 1977, siv.ing., busett Stavanger
  • Lillian, f 1979, førskulelærar, busett Kristiansand
  • Anne Bjørg, f 1982, p t (2003) under utdaning, i Telemark

Inger er dotter åt Knut og Ingrid Songedal i Strengereid.

Knut er snikkar av utdanning, og har arbeidd for I/S Øvre Otra (nå Agder Energi) sidan 1979. Inger er kokke på bygdeheimen.


0941 Bykle komm.png Øvre Systog (Bykle gnr 14/44) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Systog • Neste bolk: Steinane (Signeshus)