Systog (Bykle gnr 14/41)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Systog
Rydda: 1972
Utskilt: 1972
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 41
Type: Bustadeigedom
Gyro O. Nesland, f Rygnestad (1909-2005), fotografert med borna sine i 1992, då dei var samla i konfirmasjonen til Bjørgulv Folkesson. Frå venstre: Folke, Ingebjørg, Knut, mor Gyro, Jorunn og Olav. Ingebjørg har Aust-Agder-drakt, Jorunn har Vest-Telemarks-drakt. Bilete frå Tore K. Mosdøl.

Systog ligg mellom Jårevegen og den gamle riksvegen, midt mellom Gjerdenkrysset og huset åt Dreng Byklum (der det var posthus til 1998). Tomta vart skilt ut frå bnr 30 Evre Haugen i 1972, og då oppmælt til 4 mål. Det var Bjørgulv Folkesson Nesland og kona, Gyro Olsdotter, fødd Rygnestad, som kaupte henne av Mikkel T. Haugen. Dei hadde inntil då budd i Viki Nesland (gnr 10, bnr 10) og er nærare omtala under det bruket.

Når dei skaffa seg tomt og sette opp hus her, var det avdi vassdragsreguleringa gjorde det turvande å flytje frå Nordbygdi. I 1974 dela dei ifrå halve tomta til sonen Knut. Den nye eininga fekk bnr 44, sjå Øvre Systog. Knut sette seg opp hus der, og bur der med familien sin.

Bjørgulv døydde her i 1983. Gyro vart buande til ho i 2002 flutte til Bykle bygdeheim. Ho døydde der våren 2005. Sonen Olav har overteke huset.


0941 Bykle komm.png Systog (Bykle gnr 14/41) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Muren • Neste bolk: Øvre Systog