Belglii 18 (Bykle)
Belglii 18 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart bygd av familien Gautland i 1992.
Belglii 18 | |
---|---|
Utskilt: | 1982 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 477 |
Type: | Bustadseigedom |
Torvald Gautland, f 1965
- g 1988 m Inger Marie Norum, f 1967. Born:
- Marius, f 1990
- Marthe, f 1992
Torvald er frå Grendi, Bygland, og son åt Asbjørn og Tora Gautland. Inger Marie er fødd i Arendal, som dotter åt Gerd og Knut Norum. Ho flutte til Hovden saman med foreldra, som budde her frå 1984 (sjå Belglii 30, bnr 439).
Torvald kom til Hovden i 1981. Han er utdana som bakar, og har i mange år drive Setesdals bakeri, men i det seinare (2004) har han gått over til å arbeide i turistnæringa, på golfbanen og ved skisenteret. Inger Marie er kunderådgjevar i Sparebanken Sør på Hovden.
Belglii 18 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Belglii 17-19 • Neste bolk: Belglii 20 |