Bergsland (Bykle gnr 5/9)
Bergsland er ein bustadseigedom ved Berdalsbru i Bykle kommune. Mikkel Arneson Nesland sette seg opp eit hus ved sidan av Bergtun, då han vart pensjonist på slutten av 1960-talet. Inntil då hadde han budd på Sygard Nesland, og drive den garden, som sidan 1950 hadde vore i eiga åt broren, Olav (sjå Bergtun ovanfor). Det står litt meir om Mikkel i bolken om Sygard (gnr 10, bnr 3).
Bergsland | |
---|---|
Rydda: | 1969 |
Utskilt: | 1969 |
Stad: | Berdalsbru |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 5 |
Bnr: | 9 |
Type: | Bustadseigedom |
Adresse: | Berdalsbruvegen 3 |
Tomta her, som gjekk ut frå bnr 4 i 1970, kaupte Mikkel hjå Sigrid T. Rygnestad. Etter at Mikkel døydde i 1988 har det ikkje budd nokon fast her. Huset gjekk i arv til den yngste av brordøtrene, Astrid O. Nesland, som har det til fritidsbustad.
Bergsland (Bykle gnr 5/9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |