Blesterkroken 5 (Bykle)
Blesterkroken 5 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Tomta til denne verestaden vart utskilt og matrikulert for Leif Hjalmar Svendsen i 1978. Han flutte inn i nytt hus her i 1980.
Blesterkroken 5 | |
---|---|
Utskilt: | 1978 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 349 |
Type: | Bustadseigedom |
Leif Hjalmar Svendsen, f 1938
- g 1. 1962 m Brita Dahle, Rjukan, f 1939, busett Kristiansand. Born:
- Sven Are, f 1962, driv installasjonsfirma, g m Bjørg Vatnestrøm, sjå Belglii 24, bnr 480
- Betty Ann, f 1965, trafikkkonsulent i SAS, busett Randesund, g m Vidar Strømme, born:
- Ann Malen, f 1988
- Villiam, f 1991
- Nicky, f 1995
- Gro Iren, f 1968, kontroller, busett Randesund, g m Kjetil Jensen, born:
- Iselin, f 1999
- Kjetil André, f 2000
- g 2. 1988 m Ann Harriet Rognlid Ebeltoft, f 1963, ikkje born.
Leif Hjalmar Svendsen er frå Vennesla, og son åt Gudny og Arthur Svendsen. Han kom til Hovden i 1977 som elektromontør for eit installasjonsfirma i Kristiansand, som skulle byggje dei elektriske anlegga på Hovdestøylen hotell, Hovdetun, Hovden Appartementshotell og Hovden Varesenter. Etter at desse oppdraga var avslutta flutte han hit til bygda, og starta sitt eige installasjonsfirma, Elektroreparatøren, med verkstad på sentrumstomta, bnr 20.
I 1995 overlet han firmaet til sonen, Sven Are, som flutte det til eit anna bygg i Hovden sentrum, bnr 442. Etter dette gjekk Leif inn som installatør i sonens firma, som nå heiter Hovden Elektro A/S, men konsentrerte seg i tida som fylgde mest om å utvikle bnr 20 til andre fyremål. Dette vert nærare omtala i bolken om den eigedomen.
Ann Ebeltoft er fødd i Kirkenes som dotter åt Jan Kristian Willemos Rognslid og kona, Åshild Johanne, fødd Kjeldseth. Foreldra er nå busette i Brandbu. Ann er økonomisjef i Bykle kommune.
Blesterkroken 5 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Blesterkroken 4 • Neste bolk: Blesterkroken 6 |