Blesterkroken 6 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Blesterkroken 6
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 347
Type: Bustadseigedom

Blesterkroken 6 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av I/S Øvre Otra for Torbjørn Tveiten i 1978, til erstatning for eit hus han og familien hans hadde i Vatnedalen, som ikkje var buande i under anlegget.

Torbjørn Tveiten, f 1912, d 2003

g m Margit Sjursdotter Vatnedalen, f 1917, d 2008. Born:
  • Lars Sveinung, f 1956, g m Birgit Bjugsdtr. Solli, sjå Malmvegen 26, bnr 353

Torbjørn Tveiten var frå Tørvikbygd i Hardanger. Far hans heitte Lars Tveiten. Margit kom frå Nordstog Vatnedalen, foreldra hennes var Sjur Sjursson Vatnedalen og kona Åshild Knutsdotter, fødd Stavenes.

Torbjørn var ingeniør, og arbeidde som anleggsleiar i eit entreprenørfirma i Ålvik, Hardanger i over 30 år. Margit var husmor. Dei flutte hit då Torbjørn vart pensjonist. Margit budde i 2005 på bygdeheimen i Bykle.


0941 Bykle komm.png Blesterkroken 6 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Blesterkroken 5 • Neste bolk: Blesterkroken 7

Koordinater: 59.5566° N 7.36299° Ø