Breiland (Bykle gnr 2/19)
Breiland eller Flateland er ein bustadeigedom i Hovden sentrum, på hyrnet mellom Fjellgardstun og vegen opp til Hovden kapell. Det var Alv Knutsson Breive som sette seg opp hus her i 1946. Alv åtte Flaten, gnr 1, bnr 6, og vert nærare omtala der, men han arbeidde i vegstellet, og då var det meir praktisk for han å bu attmed riksvegen.
Breiland | |
---|---|
Alt. namn: | Flateland |
Utskilt: | 1952 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 19 |
Type: | Bustadseigedom |
Etter den gamle gards- og ættesoga (195), og sameleis Norges Bebyggelse (150), ser det ut til at eigedomen har vore kalla Breiland, men det namnet som står i matrikkelen er Flateland.
Etter at Alv døydde i 1953 overtok systersonen eigedomen:
Knut Andersson Breive, f 1926
- g m Gunhild Harstad, f 1935, born:
- Torbjørg, f 1960, g m Nils Arild Havre, busett Mandal, born:
- Alexander, f 1990
- Daniel, f 1993
- Anne, f 1965, g m Tor Anders Oma, busett Bærum, born:
- Kristin, f 1999
- Erik, f 2002
- Alf Ånund, f 1968, g m Anne May Lønsland, busett Kristiansand, born:
- Helena f 2000
Foreldra åt Knut var Torbjørg Knutsdotter Breive og Anders Olsson Breive. Gunhild er frå Nordli, Kvestad, gnr 54, bnr 4. Foreldra hennes var Ånund Bjørnsson Harstad på det bruket og kona Anne Olsdotter, fødd Rike (jfr. Valle III, 249).
Knut A. Breive budde her nokre år på 1950-talet, han arbeidde då som bussjåfør i Setesdal bilruter. Omlag 1960 flutte han til Byglandsfjord, men heldt fram som sjåfør i same selskapet. I tillegg til huset fekk han også ein heiteig på kring 6700 mål av Flaten etter morbroren. På denne teigen, som er matrikkelført som Lundane, gnr 1, bnr 22, er det sett bort omlag 100 hyttetomter. Storparten av festetomtene vart i 2000 overdregne til borna i sameige. Sonen Alf Ånund overtok huset her.
Breiland (Bykle gnr 2/19) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Bergland • Neste bolk: Hovden fjellstove |