Brugata 10 (Bykle)
Brugata 10 i Bykle, som eigentleg har adresse Berdalsbruvegen 2, er ein heim ved Berdalsbru som står på ei tomt som vart selt frå Åsheim, bnr 11, i 1974. Det var Knut Sigbjørnsson Løyning og kona Birgit Andresdotter, fødd Bratteland, som då sette seg opp hus her. Dei flutte hit frå Løyning, gnr 6, bnr 4, på grunn av oppdemminga av Vatnedalsvatnet.
Brugata 10 | |
---|---|
Rydda: | 1974 |
Utskilt: | 1974 |
Stad: | Hoslemo |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 4 |
Bnr: | 25 |
Type: | Bustadseigedom |
Adresse: | Berdalsbruvegen 2 |
Familien frå Løyning vert nærare presentert i bolken om det bruket. Her skal berre nemnast at Knut døydde i 1985, at Birgit budde her til ho flutte på Bykle bygdeheim i januar 2004 (der ho døydde i 2005) og at dottera Marta framleis bur her (2006).
Eksterne lenkjer
- Birgit A. Løyning i Historisk befolkningsregister
- Knut Sigbjørnsson Løyning i Historisk befolkningsregister
Brugata 10 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Nordgarden • Neste bolk: Skogly |