Åsheim (Bykle gnr 4/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsheim
Hoslemo 29.jpg
Åsheim 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Øvre Åsheim;
Øvre Flæmoen
Rydda: 1926
Utskilt: 1927
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 4
Type: Småbruk
Åsheim 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Åsheim ligg heilt i nordkanten av Hoslemo-gardsvaldet, opp imot Løyningsåni. For å koma hit må ein fylgje vegen frå Berdalsbru eit par km mot Vatnedalen.

Åsheim vart utkløyvd frå Uppigard og Nordigard i 1927, etter at Sigbjørn Eivindsson Bø året fyre hadde kaupt eit jordstykke av Gjermund Sigbjørnsson Hoslemo, og eitt til av Olav Knutsson Vatnedalen. Bruket gjekk altså ut ifrå to eldre bruk, og vart difor tildela 2 bruksnummer med ei samla landskyld på 2 øre, mao. 1 øre frå kvart av morbruka.

Sigbjørn kom frå Berdalen Der uppe, og var eldste son åt Eivind Hallvardsson Bø på det bruket og fyrste kona Tone Sigbjørnsdotter, fødd Glidbjørg. Etter at han flutte hit nytta han etternamnet Åsheim:

Frå Vatnedalsanlegget ein gong på 1940-talet. Sigbjørn Åsheim står omlag midt på biletet med vest, sixpence og latein i neven. Frå venstre: Knut A. Byklum, Auver Åsen, Knut E. Berdalen, Ånund Skarberg, Johan Johansen, Sigbjørn Åsheim, Åsmund A. Byklum og Knut H. Byklum. Mannen i sixpence som sit i profil heilt til høgre er ikkje identifisert. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
Tone T. Stavenes. seinare Åsheim. Bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Sigbjørn Eivindsson Åsheim, f 1899, d 1988
g 1920 m Ingebjørg Olavsdtr. Vatnedalen, f 1897, d 1982. Born:
  • Tone, f 1920, g m Knut Knutsson Stavenes(y.), sjå Skogly, gnr 4, bnr 33
  • Eivind, f 1924, g m Astrid Tronset, busett Oslo, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1927 g 1947 m Knut O. Mosdøl(e.), sjå Lunden Mosdøl, gnr 13, bnr 1
  • Olav, f 1934, g 1961 m Tone Torjusdtr. Stavenes, busett Askim, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1937, ug

Ingebjørg var frå Nordigard Hoslemo, og dotter åt Olav K. Vatnedalen og kona Ingebjørg Tallaksdotter, fødd Hoslemo.

Av hus sette Sigbjørn seg fyrst opp ein uthusbygning. Dette var i 1927. To år seinare hadde han stoge ferdig. Ho er på 6 x 10 m i halvanna høgde. I 1949 sette han opp eit hønsehus. I 1954 vart det registrert ein buskap her på 2 kyr, 2 kalvar, 2 griser og 16 sauer.

Ved sidan av gardsbruket arbeidde Sigbjørn som anleggsarbeidar og sidan vegvaktar. I boka I Skiftende Tider (52) vert han sitert frå eit intervju i Fæ'vennen om arbeidet i kanalen i Vatnedalsosen:

I 1918-19 vassa eg og Tarjei Bakka i kanalen heilt opp til livet heile vetren. Men me vart aldri sjuke. Me vassa i snoslaps og vatn, og han som styrde med sjukekassa kom opp og ville nekte oss å stå i sjukekassa, for han rekna med at det vart sjukdom og død av slikt. Men det gjekk godt, og me var heldige, for det var ikkje anna arbeid å få i den tida.

Åsheim var i utgangspunktet på 581 mål, men i samband med den store utskiftinga i Hoslemo i 1942 vart bruket tilkjent ein skogteig, bnr 4, som hadde høyrt til utanbygds folk sidan 1730-talet (sjå Uppigard). Eigarane hadde gjennom hundreåra drive ut ein del tømmer, som dei med større og mindre hell flota til Kristiansand, men hadde nok elles ikkje mykje med Bykle å gjera.

I matrikkelen frå 1886 står oppført at bnr 4 høyrde til «O. P. Mørck og sønner» i Kristiansand, men dette var då for lengst utdatert informasjon. Mørckfamilien selde til ingeniørkaptein Peter Krag i 1873, og Krag på si side hadde selt vidare til O. C. Bjerke våren 1888. I 1895 gjekk skogen på auksjon saman med bnr 2 i Hovden (Der nede), bnr 6 i Berdalen (Berdalsskogen) og bnr 7 i Stavenes (Glidbjørg). Kauparen då var A/S Sætersdalen, som heldt fast på eigene sine i åra som fylgde, og som slett ikkje var interessert i å avgjeva areal til Åsheim.

Dette førde til Sigbjørn gjekk til ekspropriasjonssak. Denne vann han fram med, men det tok tid, og fyrst i 1953 fekk han kaupe skogstykket for 8000 kr. Det han då fekk skøyte på vart kalla Øvre Flæmoen, vart tildela bnr 11, og gjekk ut ifrå bnr 4. Det sistnemnde bruksnummeret står framleis i matrikkelen med A/S Sætersdalen som eigar, og ei attverande landskyld på 1 øre, men etter det me får opplyst er dette berre ei tomt på nokre få mål, der det står ei gamal sag.

I 1974 overtok sønene åt Sigbjørn, som båe budde i Oslo, eigedomen åt faren i fellesskap. Me set opp den eldste fyrst:

  • Eivind S. Åsheim, f 1924
g m Astrid Tronset, Selbu. Born:
  • Inga Britt, f 1956, sekretær, busett Moss, g m Per Normann Carlsen, Oslo, f 1952, d 2003, born:
  • Ann Kristin, f 1987
  • Sigbjørn, f 1962, tømrarmeister, g m Kari Holm, busett Oslo, born:
  • Simen, f 1995

Eivind har utdanning frå teknisk fagskule, og hadde arbeidet sitt i SAS på Fornebu. Han og kona bur framleis (2006) i Oslo.

Dinest kjem me til den yngre av brørne:

  • Olav S. Åsheim, f 1934
g 1961 m Tone Torjusdtr. Stavenes, jfr gnr 14, bnr 11 Bykle hotell. Born:
  • Ingebjørg, f 1963, sjukepl., g hv m Asgeir Eliassen, busett Oslo, born:
  • Christer, f 1988
  • Sunniva, f 1996

Olav arbeidde som handelsreisande. Han og Tone budde lengste tida i Oslo, men i 2002 flutte dei til Askim.

Eigedomen har kring 20 mål dyrka jord. I 1942 vart totalarealet oppmælt til 581 mål. Skogen som Sigbjørn Åsheim overtok frå A/S Sætesdalen i 1953, vart i 1942 oppmælt til 1191 mål. Sagtomta som framleis høyrer til A/S Sætersdalen, kjem vel til frådrag, men i alle høve må heile åsheimeigedomen nå utgjera kring 1760 mål.

Sidan Sigbjørn døydde i 1988 har bruket fungert som fritidseigedom. Eivind og Olav har stelt opp husa, og dertil sett opp kvar si hytte. Her er også 9 andre hytter på eigedomen.


0941 Bykle komm.png Åsheim (Bykle gnr 4/6) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Haugen • Neste bolk: Nordgarden Hoslemo

Koordinater: 59.45677° N 7.39229° Ø