Den hellige Birgittas kapell (Tustna)
Den hellige Birgittas kapell er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta av Vadstena i Jørenvågen på Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein meinigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd av pater Alexandre Semajangwe Polepole den 4. juli 2007.[1] Som altartavle fungerer ei ikontavle som framstiller «Guds Mor med Barn» og som er laga av Solrunn Nes i 2005. Eit relikvie av Maria Elisabetta Hesselblad (1870–1957) vart gjeve til kapellet frå Birgittasøstrene i Roma. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utafor kapelldøra òg. Der er det ein treplatting innmed to av veggene og eit par enkle «benker» av tømmerstokkar oppetter bakken, slik at det går an å halde utegudstenester med oppimot 100 personar. Det var messe i kapellet omtrent seks gonger i året. Kapellet vart nedlagt sommaren 2021.
Den hellige Birgittas kapell (Tustna) | |
---|---|
Byggeår: | 2007, innvigd 4. juli s.å. |
Vigd til: | St. Birgitta |
Kyrkjegard: | nei |
Kyrkjesamfunn: | Den katolske kirke |
Bispedøme: | Trondheim katolske stift |
Sokn: | St. Eystein menighet |
Teknikk: | lafteverk |
Materiale: | tre |
Sitteplassar: | opp til 12 stolar inne |
Fotnotar
- ↑ «St. Eystein menighet, Kristiansund» på Katolsk.no
Lenkjer
- «Den Hellige Birgitta» på Nklarsen.no