Even Pedersen Gylland (1880–1904)

Even Pedersen Gylland (fødd 1880 i Horg, død 28. juni 1904 ved Rockall) var rokkmakar og snikkar, og han laga fotoapparat. Han var ein av dei 628 som døydde då emigrantskipet DS «Norge» forliste.

Han var son av rokkmakar og husmann Peder Jensen Gylland og Siri Evensdatter Gylland. Sjølv vart han ikkje gift.

Etter eit par år på underoffisersskulen i Trondheim måtte han slutte på grunn av helsa. Han vart då rokkmakar som far sin, og byrja òg lage fotoapparat og lysmaskiner. Han var òg kjend som ein god teiknar. Tre av syskena hans hadde reist til Amerika, og i 1904 la han ut frå Trondheim med DS «Norge» saman med mora. Målet var Duluth i Minnesota.[1] I tjukk tåke gjekk skipet på grunn ved Rockall utanfor Skottland, og 628 av dei 795 om bord omkom – 224 av dei omkomne var nordmenn.

Sjå òg

Litteratur og kjelder

  1. Even Peders. Gylland i Emigranter over Trondheim 1867-1930 fra Digitalarkivet.