Fjærli (Fedje gnr 172 bnr 138)
Fjærli er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Fjærli | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 172 |
Bnr: | 138 |
Adresse: | Fyrsundvegen 46 |
1. Sigleiv Hærøy f. 1944 Stormark (gnr 172 bnr 107-lb) d. 2007, styrmann, g. 1966 m. Ada Tine Lie f. 1946 Bergen (brordotter til Aase Borge, Stormark gnr 172 bnr 5-4, og søster til Sverre Lie, Stormark gnr 172 bnr 149). Skøyte 1974 på tomt frådelt gnr 172 bnr 14 same året. Huset vart bygd i 1976.
Born: a. Jan Sigleiv Hærøy f. 1968, sveisar, var samb.m. Else-Karin Iversen f. 1969, bustad Nesttun i Bergen, han flytta til Åsane i Bergen. b. Morten Hærøy f. 1970 d. 2008 var samb.m. Christine Børtveit f. 1980 Forland i Sund (jf Sundb. II s 273), bustad Voss. Hans seinare bustad Os, og hennar Forland, så Haugesund. c. Endre Hærøy f. 1976, adjunkt, samb.m. Ida Rambech Fosse f. 1978 Meland (jf Melandb. II s 396), bustad Hilland i Alversund, Lindås. d. Silvia Hærøy f. 1978, bustad Nesodden i Akershus.
Ekteskapet oppløyst. Sigleiv flytta til Veidholmen, Smøla på Nordmøre.
Ada Tine flytta til Kviste, Radøy med borna, g.m. Arvid Mangerøy f. 1948 Manger i Radøy (sjå Radøyb. V s 104).
2. Britt Marit Berge f. 1965 Stormark (gnr 172 bnr 15-2e), fiskeindustriarb., reinhaldar, ferskvaresjef butikk, g. 1986 m. Reidar Jenssen f. 1964 Bergen, vedlikehaldsarb., maskin- og industrimalar. Skøyte her i 1993. Dei budde tidlegare i Bergen.
Born: a. Kent-Are Jenssen f. 1986, røyrleggjar, samb.m. Benedicte Helen Nautnes f. 1990 Ryland i Meland (Melandb. I s 386), sjukepleiar, bustad Glesnes i Sund, Øygarden kommune. b. John-Erik Jenssen f. 1989, tømrar/rørleggjar, samb.m. Janne Larsson Finseth f. 1990 Åsane i Bergen, låsesmed, bustad Alversund i Lindås, Alver kommune. c. Tina Konstanse Jenssen f. 1995, tavlemontør, g. 2016 m. Ørjan Lavik Helland f. 1994 Haugland i Radøy (sjå Radøyb. I s 727), elektrikar, bustad Vikane i Austrheim.
Fjærli (Fedje gnr 172 bnr 138) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Bergheim (Fedje gnr 172 bnr 132) • Neste bolk: Vesttun (Fedje gnr 172 bnr 139) |