Forside:Arkivvesen

Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Lekebiler. Ukjent år.
Foto: Narve Skarpmoen
NEG 208 Leketøy er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2005 med tittel Leketøy. Utsendar var Norsk etnologisk gransking.   Les mer …

Låven til Ormem gnr 75 i Grytten.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)
NEG 57 Løa er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1956 med tittel Løa. Utsendar var Marta Hoffmann.   Les mer …

Veving på flatvev i Nissedal
Foto: Mittet, ca. 1950.
NEG 44 Veving er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1954 med tittel Veving. Utsendar var Astrid Bugge.   Les mer …

Godfred Gullaksen vaskar klede om bord i «Sversling».
Foto: Ukjent. Bilete frå Fedje og folket.
NEG 197 Menn og husarbeid er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2003 med tittel Menn og husarbeid. Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue.   Les mer …

Glomfoss Bruk og Glomsdammen.
Foto: Ukjend (før 1914)
Glomfoss Bruk i Kilegrend ligg på Kiland nedre, gnr. 25/2, fnr. 11 i Fyresdal kommune. Bruket vart starta opp i 1908. Drifta opphøyrde i 1980-åra, og frå 1994 vart Fyresdal Bygdemuseum eigar.I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk, men så kom det planar om eit større sagbruk ved Glomfoss, og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i 1913 var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august 1919 av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg og Ketil Kiland og Ketil Sundsli. Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.   Les mer …

Nils Rød køyrde denne bussen med 41 sitjeplassar i 1960.
Foto: M. I. Hove, A/S Siljan Bil gjennom 50 år, Skien, 1971

A/S Siljan Bil vart skipa 30. april 1921 i det gamle kommunelokalet på Siljan prestegard. Billaget hadde rute frå Siljan til Skien og omegn. Under stiftingsmøtet på Siljan prestegard vart det satt ned eit styre for billaget, og fyrste styremøte skulle haldast 1. mai same året. Olaf Næss vart valt til formann, og han fekk også fullmakt til å kjøpe inn bil til laget. Den fyrste bilen laget kjøpte inn var ein fransk «Charron» lastebil. Den hadde tak over lasteplanet og fastmonterte benkar i køyreretninga. Midtgangen vart nytta til varetransport. Prisen på bilen var 18 474 kroner, og ruta gjekk frå Siljan til Skien ei gong til dagen. På sundagar og heilagdagar stod den parkert i garasjen på Hogstad.

I 1926 kjøpte selskapet inn ein seks sylindrar Reo-buss med 50 hk motor og opent karosseri. Bussen hadde 14 sitjeplassar, og prisen var 12 700 kroner.

I 1931 blei garasjen på Hogstad flytt til Torsholtbakkene, og garasjen utvida med plass til tre bilar. Tre år seinare hadde bilparken vokse, slik at ein måtte leige ekstra garasjeplass.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen


 
Andre artiklar