Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk. Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde.
Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der. Les mer …
Nigard, fotografert av Knud Knudsen i 1870-åra.
Nigard (gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen som har skapt stor dramatikk i soga til Nigard. Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet.
Den fyrste kjelda som fortel om problem for Nigard, er matrikkelutkastet frå 1723. Her heiter det at «breen forøges frem Voxer og fremskyder sig alt dybere og dybere ofver gaardens tilliggende marcher, og kand formedelst kulden udaf samme Jisfield, ingen sæd voxe». Matrikkelkommisjonen gjorde difor framlegg om ei nedsetjing av skatten med 12 merker smør (ca 1/5 reduksjon). Dette var den einaste garden i Jostedalen der det var framlegg om reduksjon, men matrikkelen vart aldri sett i kraft. På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at «breen nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig». Størstedelen av beite- og slåttemarka til den gamle storgarden var bortteken, og leiglendingen Guttorm Johannesson Nigard måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren Christopher Munthe hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis. Les mer …
Det gamle skulehuset i Sperla står rett attmed hovudvegen gjennom Jostedalen.
Sperle skule er ein nedlagd folkeskule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem midt på 1800-talet. Krinsen vart på 1800-talet kalla Kirkerodens kreds eller Kirkekredsen. Han femnde om heimane mellom Fossøygjelet og Gardsgjelet, det vil seie frå og med Fossøyane (under på matrikkelgardane Fossen i sør, og nordover med alle heimar under Sperla, Åsen og Nedrelid. Krinsen grensa i sør mot Myklemyr krins og i nord mot Kreken krins. Les mer …
Snøtun (Luster, gnr. 209) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Kruna og i vest mot Grov.
På Snøtun låg Krundalen skule, som alle heimane under Snøtun sokna til fram til nedlegginga i 1963. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag Bretun, kurssenteret og hovudkvarteret til Jostedalen breførarlag. Tunet i Snøtun med hovudbruket til høgre og Reina (Røysi) til venstre.
Fram til 1700-talet var Snøtun som resten av Jostedalen eigd av skiftande eksterne godseigarar, og brukarane var leiglendingar. Då jostedalsgodset etter 1754 vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe, var det Gerhard Munthe (1726–1785) som fekk hand om Grov. Han selde alt 25. oktober 1757 til brukaren, lensmann Tøger Ottoson Snøtun. Snøtun var dermed ein av dei aller fyrste jostedalsgardane som vart selde ut av Munthe-ætta. Det hadde truleg samanheng med at Snøtun sidan 1730-åra (og fram til 1790-åra) var lensmannsgard, og at brukarane i denne perioden såleis måtte reknast til eit elitesjikt i bygda. Les mer …
Gamletunet på Kruna sett frå aust.
Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun. Heimane under Kruna sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963. Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19 der "Asbiorn a Krunu ok Hærmundr son hans" er nemnde. Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. Kronen Turistasjon var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, Tøger Larsson Kronen, vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare. Les mer …
|