Husmenn på Børo

Husmenn på Børo tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Børo i Fedje kommune.

1. Ola, truleg g.m. Anna d. 1746, 72 år gammal. Dei var her frå rundt 1715.

Barn: a. Ola Olsen f. 1715. b. Synneva Olsd f. 1722. Borna sin lagnad er ukjend.

2. Thomas Thomassen f. 1691 (etter alder ved død) d. 1765 budde her frå borna var fødde. Thomas er nemnd som husmann i ekstraskattelista i 1762. Kona sitt namn er ukjent, ho vert berre kalla «Thomas Børens kone» i kyrkjeboka.

Born: a. Kari Thomasd f. 1724. b. Mikkel Thomassen f. 1725. c. Anna Thomasd f. 1727, fekk med Maurits Holmen (gesell Kremmarholmen 6, sjå der) sonen ca. Per Mauritsen f. 1761, ukjend lagnad for både mor og barn. d. Marta Thomasd d. 1789 g. 1752 m. Rasmus Olsen f. 1730 Hopland, Austrheim d. 1776, budde der (jf Austrheimb. II s 582), son da. Hans Rasmussen f. 1753, sjå Husa gnr 168 bnr 11-4. e. Brita Thomasd f. 1731 d. 1801 g. 1761 m. Anders Knutsen f. 1731 Øvre Stuberg (7f) d. 1773, brukarar der (9). f. Agata Thomasd f. 1740. g. Thomas Thomassen f. 1743. Lagnaden til borna a., b., f. og g. er ukjend.

3. Mons Larsen f. 1792 Sævrøyna, Austrheim d. 1848. Han var halvbror til Per Langedalen (gnr 169 bnr 5-5) og Lars Husa (gnr 168 bnr 11-5), sjå der. Mons vart g.1.g. 1819 m. Kristi Kristoffersd f. 1790 på Austrheim d. 1819 (barselseng) på Hopland i Austrheim, der dei budde (sjå Austrheimb. II s 645 og III s 690).

Mons vart g.2.g. 1826 m. Kari Olsd f. 1809 Rebnor, Austrheim d. 1895 (dotter av Ola Monsen f. 1761 d. 1822 og Elsa Jakobsd f. 1765 d. 1840, jf Austrheimb. III s 404). Dei var husmannsfolk her frå om lag 1829. Før det budde dei på Rebnor, der det eldste barnet er født.

Born: a. Kristi Monsd f. 1827 d. 1908 g. 1855 Manger m. enkjemannen Bertel Eriksen f. 1822 Hellesund i Øygarden d. 1900, budde der på Nordre Sæle. b. Ola Monsen f. 1829 d. 1833. c. Elsa Monsd f. 1831 d. 1870 på Opphaugen, ugift, tenar m.a. på Lyngøyna i Øygarden. d. Ola Monsen f. 1834 d. 1914 g. 1861 m. Marie Johannesd f. 1828 Haugland, Austevoll d. 1908, brukarar på Opphaugen (gnr 168 bnr 13-20). e. Søren Monsen f. 1837 d. 7 md gl. f. Karl Monsen f. 1838 d. 1913, budde i Bergen, dikselmann (tønnemakar), g. 1869 m. Klara Olsd f. 1848 Brandsdal, Gulen d. 1887 (sjå Gulenb. II s 386), oppattgift 1896 m. Sissel (Cecilie) Larsd f. 1855 Gjøseter, Bømlo d. 1948 (sjå Bømlob. I s 115 og 132). g. Magdeli (Malene) Monsd f. 1842 d. 1894 g. 1864 Bergen m. Amund Bergesen f. 1839 Leirvik i Meland d. 1923 (jf Melandb. III s 33), møllar, bustad Øvre Fyllingen i Fana, Bergen (jf Fanab. IV s 163). Amund g.2.g. 1896 m. Helena Monsdtr Lilletvedt f. 1866 Radøy (sjå Radøyb. I s 752) d. 1929, bustad Ytre Hope i Fana. h. Mons Monsen f. 1845 d. 1930 g. 1868 m. Olsina Monsd f. 1841 Vika (gnr 168 bnr 28-13e) d. 1910, brukarar på Uthaugen (gnr 168 bnr 20-8).

Enkja Kari Olsd vart oppattgift 1849 m. enkjemannen Ola Olsen Opphaugen, og busette seg der (gnr 168 bnr 13-19) med dei fire yngste borna.

4. Marta Larsd f. 1818 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-16a) d. 1854 g. 1844 m. Knut Jakobsen f. 1820 Øksneset, Austrheim d. 1893 (jf Austrheimb. III s 456, son av Jakob Olsen f. 1790 d. 1821 og Dorte Jensd f. 1787 d. 1854). Marta og Knut kom her i 1849, då plassen vart ledig. Før det var dei innerstar hjå Marta sine foreldre.

Born: a. Dortea Knutsd f. 1844 d. 1903, sjå nr 7. b. Bertel Knutsen f. 1846 d. 1938 g. 1878 m. Anna Torgeirsd f. 1861 Ådnekvamme, Masfjorden d. 1893 (sjå Masfjordb. I s 472), budde i Bergen. c. Magdeli Knutsd f. 1850 d. 1858 (kikhoste). d. Jakob Knutsen f. 1853 d. 1882, sjå nr 6.

5. Enkjemannen Knut Jakobsen (4) g.2.g. 1856 m. Siri Jensd f. 1808 Byrknes d. 1895 (jf Gulenb. III s 243). Ho var søster til m.a. Tøger Kopper (gnr 168 bnr 1-19), sjå der. Ingen born. Dei hadde 2 sauer i 1865 og 3 i 1875. Knut var fiskar, og Siri dreiv med strikking ved sida av dyre- og husstell.

Som innerstar hjå Knut og Siri budde frå om lag 1858 til 1872 Martinus Rognaldsen f. 1817 d. 1872 og Olina Jensd f. 1812 d. 1891, dei var tidlegare på Moldøyna (gnr 170 bnr 5-14), sjå der. Gullak Sivertsen f. 1848 d. 1942 og Mari Persd f. 1847 d. 1935 budde her ei kort tid rundt 1875, sjå Grenda gnr 168 bnr 17-15.

6. Jakob Knutsen f. 1853 på denne plassen (4d) d. 1882 g. 1879 m. Torbjørg Olsd f. 1850 Åråsvågen, Austrheim d. 1887 (sjå Austrheim II s 332, dotter av Ola Jakobsen f. 1812 d. 1863 og Ragnhild Jansd f. 1817 d. 1889). Jakob og Torbjørg var søskenborn, då fedrane var brør. Plassfolk her frå 1879 til Jakob døydde. Han var fiskar. Det stod ikkje så reint dårleg til økonomisk, skiftet etter han syner at det var vel 900 kr på bok i Bergen sparebank, så han hadde sine planar.

Born: a. Maria Jakobsd f. 1879 d. 1897, ho vaks opp hjå stefaren på Husa, og døydde der av meslingar. b. dødfødd dotter f. 1882.

Enkja Torbjørg Olsd g.2.g. 1885 m. Jon Larsen f. 1864 Stuberg (husmenn 3b) d. 1931, dei budde her til 1887, då dei flytta til Husa (gnr 168 bnr 10-7), sjå der.

7. Dortea Knutsd f. 1844 på denne plassen (4a) d. 1903 g. 1890 m. Martinus Ingemårsen f. 1843 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-10a) d. 1915. Ingen born. Martinus var enkjemann etter Nilla Simensd f. 1842 d. 1889, dei budde på Moldøyna (husmenn 2).

Enkjemannen Martinus Ingemårsen g.3.g. 1905 m. Brita Thomasd f. 1845 Vaulenes, Solund d. 1929 (sjå Solundb. II s 108). Som enkje flytta Brita til dottera Malena Andersd Hovland på Rebnor i Austrheim, og døydde der (jf Austrheimb. III s 398). Huset her vart rive og materialane brukt på Stormark.


Fedje komm.svg Husmenn på Børo er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Børo (Fedje gnr 168 bnr 24) • Neste bolk: Byttestykket (Fedje gnr 168 bnr 23)