Jørenvåg
Jørenvåg(en) (uttale: /'jø:rn,ˌvɔjen/ nominativ/akkusativ, /'jø:rn,ˌvɔja/ dativ; slektsnamn: Jørgenvåg) er ein våg, namnegard og matrikkelgard nærme den sørvestlege enden av Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Garden har matrikkelnummer 205. Han grensar til Lervågen i vest, til dei mindre matrikkelgardane Ljustad og Hagan i søraust og til Sør-Halsnes i aust. Fjellvaldgrensa går langs egga frå Jurtinden til svokka mellom Jurtinden og Leirtinden (Vakta). På austsida av fjellryggen grensar valdet til Gullstein.
Jørenvåg | |
---|---|
Jørenvågen, juli 2013. | |
Alt. namn: | Jørgenvåg |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 205 |
Postnummer: | 6590 |
Topografi og arkeologi
Garden har namn etter sjølve Jørenvågen. Landskapet er flatt ned mot sjøen, og vågen er grunn. Ved kring 10–17 moh. er vågen og innmarka omkransa av bratte sider, både langs Jørenvågelva og langs den mindre bekken som har utløp rett nordom.
Bjønnahammaren
Langs den bratte hammaren austetter, kring 360 meter austom bnr. 1, ligg Bjønnahammaren, ein heller på ei flat hylle ca. 30 moh. Helleren er opptil 5 m frå bakvegg til dropefall, og høgda er kring 10–15 m. Her vart det utgrave ein buplass frå slutten av yngre steinalder ; dei første funna (inkludert restar av eit menneskekranium) vart registrert i 1929, og hovudutgravinga skjedde i 1932 ved Th. Petersen. Funna inkluderer:
Stein | Bein | Anna |
---|---|---|
|
|
|
Namnet
Rygh oppgjev desse historiske namneformene:[1] Jørenwogh NRJ. II 63. Jørrenuogh 1559. Jørnuogh 1590. Jørgennuog 1643. Jørnwaagh 1667. Jørgenvaag 1723. Han skriv vidare:
Da Navnet vist er gammelt, maa det vel være *Jǫrundarvágr, af Mandsnavnet Jǫrundr, som i senere Tid oftere er blevet forvexlet med Jørgen. Se PnSt. S. 150. Det er dog ikke umuligt, at 1ste Led kunde indeholde et opr. Fjordnavn. Der kan henvises til, at Hjørundfjord i Søndmøre ogsaa i 16de Aarh. skrives Jøren- og i 17de Jørgen-. Jfr. ogsaa, hvad der Bd. XVI S. 373 er bemerket om Jørgenfjord i Vesteraalen. Gaarden har Navn af en lang, smal Vik, i hvis Bund en Aa munder ud. | ||
Bildegalleri
Kvennhuset
Andre bilde
Sommarfjøsen i Jørenvågen, ved nederenden av vegen opptil Jørenvågvatnet, kring 1980.
Kamnov på sommarfjøsen i Jørenvågen.