Kvam herad
Kvam herad ligg i Hardanger i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Vaksdal i nordvest, Voss i nord og aust, Kvinnherad i sør og Bjørnafjorden og Samnanger i vest. Over Hardangerfjorden ligg Ullensvang. Dei noverande grensene kom på plass i 1964, då dei delane av Jondal, Varaldsøy og Strandebarm som låg vest for Hardangerfjorden, vart innlemma. Den delen av Kvam som låg aust for fjorden, vart overført til Ullensvang.
| Kvam herad | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Historisk(e) navn | Vikøy (til 1911) |
| Kommunenummer | 4622 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Norheimsund |
| Areal | 616.47 km² |
| Areal land | 581.48 km² |
| Areal vann | 34.99 km² |
| Folketall | 8 455 (2018) |
| Grunnlagt | 1838 |
| Sammenslåing(er) | 1964: Deler av Jondal, Varaldsøy og Strandebarm innlemma |
| Fradeling(er) | 1964: Østleg del overført til Ullensvang |
Kommunen har fem tettstader: Administrasjonssenteret Norheimsund, Ålvik, Øystese, Oma og Ploganes. Omkring halvparten av innbyggjarane bur i tettstader.
Jordbruk er ein viktig næringsveg. Kvam er ei stor fruktbygd, tredje størst i tidlegare Hordaland fylke etter Ullensvang og Ulvik. Det er òg ein del industri, som sysselset omkring ein femtedel av dei yrkesaktive.
Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund.
Kjelder og litteratur
|
