Lama
Lama (Lama glama), gjennom kastiljansk frå quechua llama, er eit kameldyr med opphav i Sør-Amerika. Opphavet til husdyret lama er hovudsaklig den ville guanacoen (Lama guanicoe). Lamaen blir tradisjonelt bruka som kløvdyr og i ull- og kjøttproduksjon. I tillegg kan enkeltindivid brukast som vaktdyr i småfe-flokkar. Ein vaksen lama veg kring 120–250 kg og er gjerne kring 1,60–1,80 m høg (frå framtær til hovud). Lamaen har vore bruka som husdyr i kring 5000 år i Andesregionen. Til Norge kom han som husdyr i 1998.
Namn
Tradisjonelle namn på lamaen i områda der han tradisjonelt blir bruka som husdyr inkluderer qawra på aymara og llama på quechua. Det sistnemnte er namnet som har vorte innlånt i spansk (llama) og portugisisk (Brasil: lhama; Portugal: lama) og vidare derifrå til andre språk.
På spansk, og ofte på andre språk òg, blir ungane kalla cría (frå spansk cría, ‘spedbarn’). I Noreg er det vanlig å låne terminologien frå hest: Ungen (cría) blir kalla fol, det vaksne hodyret blir kalla hoppe, det vaksne hanndyret blir kalla hingst, og ein kastrert hanne blir kalla vallak.
Lamaer i Noreg
Dei første lamaene utom dyrehagedyr vart innført til Noreg i 1998, og til saman 120 dyr vart innført da og i 2000.
Norsk Lama AS
Norsk Lama AS vart stifta i 1998 på gardane Salthammer og By Nordre i Levanger kommune på Innherad. Per 2011 har dei kring 100 dyr.
Skjolden Llamas
Skjolden Llamas ligg på Gulbrandsgarden under Skjolden i Luster kommune i Sogn. Dei kjøpte dei første to lamaene i 2005 og følgte opp med ni fleire i 2006. Per 2013 har dei kring 30 dyr. Skjolden Llamas baserer drifta dels på grønsaker og lamaull og dels på kløvturar med lama.