Lensmenn i Jostedalen

Dette er ei førebels liste over kven som hadde lensmannsembetet i Jostedalen fram til andre verdskrigen. Sjå elles detaljar og kjeldeopplysningar under kvar einskild lensmann.

År Namn Merknader
Før 1610-1611 Knut Åsen
1612-1613 Ole Myklemyr
1614-1624 Knut Åsen
1626-1638 Daniel Kjeppe
Ca 1636-37 Torstein Espe
1639-1647 Sjur Paulson Kruna
1648-1655 Torstein Espe
1656 Sjur Paulson Kruna
1656-ca 1699 Ole Arneson Åsen
1690 Knut Olson Nedrelid
Ca 1703-1728 Anders Olson Åsen
1728-1734 Sjur Anderson Åsen
1734-1758 Tøger Ottoson Snøtun
1758-1768 Otto Tøgerson Snøtun
1768-1795 Lars Tøgerson Snøtun
1808-1816 Hans Arneson Urdahl Saman med Luster. Hans Olson Nedrelid vert oppgjeven som lensmannsdreng 1813-14.
1816-1850 Ole Hansson Urdahl Saman med Luster
1850-1881 Lars Rasmusson Faaberg
1881-1913 Hermund Tvedt
1913-1938 Lars Stølen
1938-1965 Anders Fosøen

Lensmannsembetet vart lagt inn under Hafslo i 1965.

Fram til 1689 byggjer lista på ein gjennomgang av skattelistene i lens-, amts- og futerekneskapane. Etter 1690 er kjelda ei liste av førebels karakter laga av Jon Laberg. For å kvalitetssikre og utvide lista, er det naudsynt med ein gjennomgang av primærkjeldene, særleg tingbøkene.

Arkiv

Kjelder

  • Skattelister i i lensrekneskapane og amtsstoverekneskapane (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)