Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 154)

Lyngtun er ein fritidseigedom i Fedje kommune.

Lyngtun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 154
Adresse: Mortevikvegen 18

1. Laila Oliva Jensen f. 1932 d. 2006 g. 1952 m. Anton Hilmar Helland f. 1932 d. 2009, begge frå Bergen og busette der, fekk i 1980 skøyte på tomt frådelt gnr 172 bnr 33 same året.

Born: a. Anton Ole Helland f. 1963, bustad Ålesund. b. Bente Helland f. 1965, bustad Bergen.

2. Håkon Johnsen f. 1942 Bergen g. 1968 m. Norunn Dagny Solem f. 1944 Bergen, bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune, fekk skøyte på tomta i 1984. Dei bygde hytte her i 1987. Naustet vart bygd i 2007.

Born: a. Frank Solem Johnsen f. 1969 d. 2022, bustad Knarvik. b. Kim Solem Johnsen f. 1972, bustad Alversund i Lindås, Alver kommune.


Fedje komm.svg Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 154) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Myrhaug (Fedje gnr 172 bnr 153) • Neste bolk: Fyrsundvegen 11 (Fedje gnr 172 bnr 155)