Fyrsundvegen 11 (Fedje gnr 172 bnr 155)
Fyrsundvegen 11 er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
| Fyrsundvegen 11 | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 172 |
| Bnr: | 155 |
| Adresse: | Fyrsundvegen 11 |
1. Elisabeth Rist f. 1962 frå Stormark (gnr 172 bnr 20-5a), pedagogisk medarbeidar barnehage, g. 1979 m. Jan Harry Moldøen f. 1958 Svena (gnr 170 bnr 15-le), vedlikehaldsleiar. Skøyte 1982 på tomt frådelt gnr 172 bnr 20 i 1980. Huset vart bygd i 1983. Det vart renovert i 2013. Dei flytta til Frekhaug i Meland og sidan til Grønnfjellia, Kolås i Lindås, no Alver kommune.
Born: a. Kristin Moldøen f. 1979, spesialpedagog, g. 2006 m. Sjur Tollevik f. 1976 Espevær i Bømlo, plattformsjef, bustad Iglamyr i Haugesund. b. Trude Moldøen f. 1983, barne- og ungdomsarbeidar, g. 2019 m. Johannes Hodneland f. 1984 Ones i Lindås (jf Lygrab. s 223), bustad Hundvin i Lindås, Alver kommune. c. Hege Moldøen f. 1988, neste eigar (2).
2. Hege Moldøen f. 1988 på dette bruket (1c), barne- og ungdomsarbeidar, g. 2013 m. Cato Kolås f. 1984 Lindås (jf Lindåsb. III s 501), brannkonstabel og fagoperatør raffineri, bustad Spiki, Kolås i Lindås, Alver kommune. Skøyte i 2019. Huset vert brukt som fritidsbustad.
Born: a. Leon Moldøen f. 2014. b. Leander Moldøen f. 2016.
| Fyrsundvegen 11 (Fedje gnr 172 bnr 155) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Lyngtun (Fedje gnr 172 bnr 154) • Neste bolk: Stormarkvegen 331 (Fedje gnr 172 bnr 158) |