Rennebu kommune
Rennebu kommune er ein kommune i Trøndelag fylke. Namnet har truleg vore bygdenamn frå gamalt (som Sparbu, Ringebu o.a.). Første leddet er ikkje tyda. Rennebu var truleg eige prestegjeld i mellomalderen. I tidleg nytid var bygda annekssokn under Meldal prestegjeld, til det vart oppretta som eige prestegjeld i 1862[1]. Eget herred vart Rennebu i 1839[2]. 1. januar 1966 vart Innset sokn i Kvikne kommune lagt under Rennebu prestegjeld og kommune. Resten av Kvikne vart lagt under Tynset kommune[3]. I 1970 vart Garlia overført frå Tynset til Rennebu.
Rennebu kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 5022 |
Fylke | Trøndelag |
Kommunesenter | Berkåk |
Areal | 947.97 km² |
Areal land | 929.1 km² |
Areal vann | 18.87 km² |
Folketall | 2 541 (2018) |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Kommunesenteret er i dag Berkåk. Tidlegare var det på Voll, der kyrkja ligg. Rennebu grensar mot nordmørskommunane Surnadal og Rindal; nordøsterdalskommunen Tynset; og orkdalskommunane Oppdal og Meldal.
Administrasjonshistorie
Kommunereformen 2014–2018
I mai 2016 skreiv Oppdal og Rennebu kommunar under ein intensjonsavtale om samanslåing. Ved folkeavstemninga i Rennebu den 12. september same året[4] stemte 68,3 % av rennbyggane nei til samanslåing med Oppdal,[5] og samanslåinga er dermed lagt på is.
Referansar
- ↑ Arkivverkets oversikt (mikrofilmregistra)
- ↑ SSB: Rapporter 99/13: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen
- ↑ SSB: Endringer i kommuneinndelingen 1951-
- ↑ «Folkeavstemming om kommunesammenslåing» på nettsidene til Rennebu kommune
- ↑ «Et klart NEI» på nettsidene til Rennebu kommune
Eksterne lenkjer
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Rennebu kulturstyre på Digitalt museum.
- Rennebu kulturstyre på KulturNav
- «Rennebu» i Store norske leksikon
|