Runde fyrstasjon
Runde fyrstasjon ligg på Kvalneset på øya Runde i Herøy. Fyret vart tent 1. september 1767 som det sjette i Noreg og det første nord for Stad. Dette var eit såkalla blussfyr – eit bål eller eld med lysande loge, i ei fyrgryte eller fyrpanne, og lyskjelde var kol eller torv. Det første fyret låg på Tua, eit platå knapt 200 meter over havnivået i lia ovanfor den noverande stasjonen.
Runde fyrstasjon | |
---|---|
Runde fyrstasjon 2009. Vi ser fyret frå 1935 i bakgrunnen. Foto: Arnfinn Kjelland (2009)
| |
Oppretta: | 1767 |
Status: | Automatisert og avbemannet i 2002 |
Funksjon: | Kystfyr |
Eier: | Staten |
Sted: | Runde |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Herøy |
Vernestatus: | Fredet etter lov om kulturminner |
Det var generalauditør og byfut i Kristiansund, Peter Frederik Koren, som fekk kongeleg løyve til å sette opp fyret og krevje inn fyrpengar av passerande fartøy. Koren kjøpte elles heile garden Goksøyra og la plikt til å spa torv, transport og vakt på fyret til oppsitjarane.
Koren fekk og løyve til å sette opp fyrlykt på Valderhaug, og fekk høve til å krevje inn 6 skilling per lest til saman av båe fyra. I åra 1800-05 viser rekneskap at dei årlege fyrinntektene var om lag 1500 riksdaler, medan utgiftene var 900 rd.
Koren og arvingane etter han hadde privileg på fyrdrifta fram til 1807. Da løyste det offentlege inn fyra, tok over ansvaret for drifta og tilsette fyrinspektør med 350 riksdaler i årleg godtgjering. Tre mann frå Goksøyra vart engasjerte som oppassarar med plikt til å spa torv og frakte kol til stasjonen, med 77 rd. årleg løn. Husa vart reparerte og ny vaktstove sett opp.
I 1815 vart fyret med vaktstove og kolhus flytt ned på Kvalneset der det har stått sidan. I 1825-26 vart fyret bygd om av arbeidarar frå Volda. Det vart bygd eit nytt kolfyr med lukka bluss på toppen av eit tårn på 12 alner bygd av hogd stein. Det låg på ei lita flate ca 45 meter over havnivået. Det vart samstundes bygd inspektørbustad, kolhus og uthus av stein litt lenger nede.
Kring 1850 var fyret på Kvalneset forelda, og det vart bygd eit nytt fyr lenger ut frå fjellsida, på berget Kvalen utanfor husa på stasjonen. No var det kome ein ny type fyr, høge tårn av støypejern. Tårnet på Kvalen var 27 meter høgt og fekk linseapparat for signala. Dette fyret vart tent 1. november 1857.
Kring 1900 vart det bygd eigen bustad for fyrmeisteren. Det var til tider mykje folk som budde på stasjonen; utanom fyrmeisteren var det i periodar både assistent og reserveassistent med familiar. I 1917 gjekk skulestyret med på at det skule haldast skule på stasjonen i 6 veker på hardaste vinteren. Seinare budde ungane i Goksøyra medan det var eigen skule der.
I 1935 vart fyret elektrifisert, og det vart bygd nytt fyr der det gamle kolfyret frå 1826 stod. Det nye fyret vart tent 27. august det året. Støypejernstårnet vart ståande og brukt som dagmerke av fiskarane.
Under andre verdskrigen var fyret stort sett sløkt til stor ulempe for fiskarane. Tyskarane etablerte vakt og observasjonspost ved fyret. Dei reiv òg ned øvste delen av støypejernstårnet.
Runde fyr vart automatisert i 1981 og endeleg avbemanna i 2002. Frå da av har fyret vore styrt av fotocelle og automatikk. Stasjonen var i 2001 freda av Riksantikvaren, og frå 2003 har Aalesund og Sunnmøre turistforening leigd fyrmeisterbustaden som sjølvbetjeningshytte.
Stasjonen ved folketeljingane
- Kvalnæsset i folketelling 1865 for Herøy prestegjeld fra Digitalarkivet
- Kvalneset i folketelling 1910 for Herøy herred fra Digitalarkivet (husstand 1)
- Kvalneset i folketelling 1910 for Herøy herred fra Digitalarkivet (husstand 2)
Kjelde
- Runde, Harald Jarl 2007: Runde fyr – de søefarende til hielp og tieneste. Naustdal.
Eksterne lenkjer
- Runde fyrstasjon på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
- Norsk fyrhistorisk forenings sider www.fyr.no