Selje kommune
Selje kommune låg i Sogn og Fjordane, og har namn etter administrasjonssenteret, tettstaden Selje. Kommunen omfattar halvøya Stadlandet, fastlandet for halvøya og øyene inst i Sildegapet. Den største av øyene, Barmen, er den einaste som har større busetnad.
Selje kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1441 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Selje |
Areal i km²(2020) | 226,12 km² |
Folketal 2020 | 2757 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
Delt i | 1964: Delar overførd til Vågsøy. |
No del av | Stad kommune |
Målform | Nynorsk |
Selje er ein av dei viktigaste fiskerikommunane i fylket. Ein finn også fiskeoppdrett og fiskeforedlingsfabrikkar. Jordbruket er også ein viktig næringsveg for mange, særleg husdyrbruket. Det er ein del industri i kommune, og turisme har blitt viktigare i seinare år. Eit kjend turistmål er Selje kloster på øya Selja, som er knytta til legenden om St. Sunniva. Øya var bispesete fram til 1170, då biskopen flytta til Bjørgvin.
Eid kommune og Selje kommune gjekk frå 1. januar 2020 saman til Stad. Grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad i Vågsøy kommune vart òg ein del av den nye kommunen.
Eksterne lenkjer
|