Setesdalsheiene

Setesdalsheiene er fjellområda vest og aust for Setesdal i Agder. Dei ligg i kommunane Sirdal, Kvinesdal, Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, og nokre mindre område strekk seg også inn i nabokommunar til desse. Mot vest grensar heiene mo Ryfylkeheiene, og ofte vert Setesdalsheiene-Ryfylkeheiene rekna som eitt fjellområde.

Motiv frå Setesdalsheiene.
Foto: DNT Sør

Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiene har eit samla areal på 6155 km², medan Setesdal Austhei dekkjer 2370 km². Austheia delast av riksveg 45 mellom Valle og Tokke. Nord for vegen er det høgfjell på over 1000 meter, medan det i sør er lågare og flatare landskap. Det høgste fjellet på heiene er Sæbyggjenuten på 1507 moh., som ligg i Bykle kommune.

Det er ei grunnfjellshei med høgfjellsflora. Det er fleire turisthytter og merka turistruter der. På slutten av 1800-talet vart det innført tamrein, men i dag finn ein berre villrein der. Det har vore stor utbygging av vasskraft, med nokre av landets største vasskraftverk med effekt på over 300 MW.

Det er funne spor etter menneske attende til om lag 9600 år sidan i Ryfylkeheiene, og truleg var det folk også i Setesdalsheiene på den tida. Ein finn mellom anna dyregraver, leiegjerde, bogesteller og andre kulturminne i landskapet. Fleire gamle ferdselsveger frå mellom aust og vest går over heiene. I mellomalderen fekk ein dei første gardane i heiene, men det vart aldri mange fastbuande der.

Turisthytter og andre overnattingsstader

Hytte Kommune Type Moh. Senger Bilete
Bortelidseter Åseral Betjent (privat) 560 0
Bossbu Valle Sjølvbetjent (DNT) 1030 27
Gaukhei Bygland Sjølvbetjent (DNT) 840 41
Hovden fjellstoge Bykle Betjent (privat) 850 120  
Hovdestøylen hotell Bykle Betjent (privat)
Håheller Valle Ubetjent (DNT) 894 9
Josephsbu Bygland Sjølvbetjent (DNT) 880 20
Kvinen Sirdal Sjølvbetjent (DNT) 720 37
Lakkenstova Åseral Sjølvbetjent (DNT) 845 36
Ljosand fjellstove Åseral Betjent (privat) 530 48
Sloaros Bykle Sjølvbetjent (DNT) 1045 26  
Stavskar Valle Ubetjent (DNT) 994 9
Svartenut turisthytte Valle Sjølvbetjent (DNT) 975 20
Tjønndalen turisthytte Bygland Ubetjent (DNT) 700 6
Øyuvsbu Valle Sjølvbetjent (DNT) 933 34

Sjå også

Litteratur