Signe Håtveit (1892–1989)
Signe Håtveit var ein bunadtilverkar (fødd 1. januar 1892 i Morgedal, død 16.april 1989 og gravlagt på Brunkeberg kyrkjegard). Ho var dotter av Åsmund Olavsson Drotning (1836-1928) og Kristi Aslaksdotter Særen 1848-1816, og syster til ein annan bunadtilverkar, Anne Håtveit. Systrene blei kalla for Håtveit-jentun. Deira niese, Margit Nilsen, overtok mønstra etter tantene då dei gjekk bort.
Signe har etterlatt seg mange rosemønster, som stadig blir bruka til brodering av Vest-Telemarkbunadar. Ho flytte saman med syster si, Anne, til Kviteseidbyen der dei kaupte den vesle garden Kyrkjebø i 1937.
Kjelder
- Munnlege kjelder, Kviteseid 2017.
- «Kyrkjebø», side 901 i Norske gardsbruk : Telemark fylke. 2, Oslo : Forlaget norske gardsbruk, 1955.
- SAKO, Kviteseid kirkebøker, F/Fb/L0002: Ministerialbok nr. II 2, 1882-1916, s. 34, dåp nr. 3
- DIS-Norge sitt gravminnesøk
- Signe Håtveit i Historisk befolkningsregister.
- Signe Aasmundsdotter i folketeljinga 1900 for Haatveit nedre 73/1 i Kviteseid herred frå Digitalarkivet
- Signe Aasmundsdotter i folketeljinga 1910 for Haatveit nedre 73/1 i Kviteseid herred frå Digitalarkivet