Sollid (Bykle gnr 15/35)
Sollid er det øvste huset i Nedre Sarv i Bykle, og ligg like ved sidan av Asparås, bnr 32. Tomta vart utskilt frå bnr 11 i 1967, då Bjug K. Sollid og kona, Gyro, kaupte henne av Tarald S. Rygnestad.
Sollid | |
---|---|
Sollid pr 30.4.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1969 |
Utskilt: | 1967 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 15 |
Bnr: | 35 |
Type: | Bustadeigedom |
Bjug og Gyro hadde budd i Sollid, gnr 13, bnr 38, og får nøyare omtale der. Tomta her kaupte dei etter at dei hadde selt damrettar til I/S Øvre Otra, og rekna med at heimen deira kom til å verta neddemt. Dei sette seg opp nytt hus her, og flutte inn i 1969.
Bjug døydde i 1998, medan Gyro framleis (hausten 2004) bur her.
Sollid (Bykle gnr 15/35) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |