Sollid (Bykle gnr 13/38)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sollid
Mosdøl 48.jpg
Sollid 1910. Foto: Ferdinand Køhn, Kristiansand. Kvinnene i framgrunnen er Birgit Knutsdotter og Tone Olavsdotter. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 38
Type: Småbruk
Adresse: Bykilsmoen 2

Sollid ligg oppi lia på nordsida av Fiskleimhylen i nordenden av Bykil, heilt i sudvestkanten av mosdølgardsvaldet i Bykle kommune. På vestsida byter Sollid mot Holen, på austsida mot Mosdøl og på sørsida mot Bykilsmoen. Bruket var fyrst husmannsplass under Evre Mosdøl, bnr 3. Her vart rudt og bygt i 1863, og året etter fekk plassmannen bygselsbrev av Tarald Ånundsson Mosdøl.

Plassleiga vart fastsett til halvannan speciedalar og 2 arbeidsdagar i året. Plassen var sjølveigarbruk frå kring 1880, men merkeleg nok tok det langt over hundre år etter dette fyrr bruket vart skyldsett og matrikulert for seg sjølv, og der har ein forklaringa på det høge bruksnummeret. Papirarbeidet i samband med skyldsetjinga vart avslutta våren 2002.

Rudningsmannen i 1863 var fødd einkvarstad i Skafså, men då han kom hit, hadde foreldra hans, Hallvard Olavsson Mule og kona, Tone Olavsdotter, i 20 års tid halde til på Oddeskar under Dale. Dei er omtala i bolken om den verestaden i Vallesoga (VI, 65). Men nå til dei som kom hit:

Olav O. Sollid med kone i Amerika. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Olav Hallvardsson Oddeskar, f 1829, d 1900
g 1. 1860 m Margit Knutsdtr. Hoslemo, f 1824, d 1895. Born:
  • Hallvard, f 1860, d 1863
  • Gyro, f 1866, d 1867
g 2. 1888 m Birgit Knutsdtr. Byklum, f 1852, d 1938. Born:
  • Olav, f 1886, til Amerika 1906, d ca 1935, g m ukj.
  • Tone, f 1891, g 1918 m Knut Bjugsson Homme, sjå nedanfor

Margit Knutsdotter var frå Uppigard Hoslemo. Knut Knutsson på det bruket og kona, Guro Oddsdotter, var foreldra hennes.

Olav fekk eingong mellom 1875 og 1886 kaupe plassen sin til eit sjølveigande småbruk. I 1886 fekk han også kaupe den store utmarksteigen Lambeto på vestsida av Bykil hjå Pål Oddsson Byklum i Innistog Gjerden. Kaupet av Lambeto vart tinglyst, kaupet av Solli vart ikkje det, men pengane til Lambeto hadde Olav lånt hjå Knut Hallvardsson Trydal, som fekk tinglyst pant i båe eigedomane.

Då Margit sumaren 1886 fekk vita at mannen hennes var far til barnet åt Birgit Knutsdotter Byklum, kravde ho skilsmisse ved dom, domen fall 5.10. same året. Eit par år seinare gifte Olav seg omatt med Birgit. Ho var dotter åt Knut Åvoldsson på Juvet under Byklum og kona, Gro Arnesdotter, fødd Berdalen. Margit budde etter skilsmissa mellom anna i Bjones, men då ho døydde i 1895, var ho i Bjørnarå.

Etter at Olav døydde fem år seinare, vart Birgit og borna verande i Sollid. Sonen Olav flutte likevel etter måten tidleg ut, for då han drog til Amerika med eit emigranstkip frå Kristiansand våren 1906, vart han oppskriven som busett i Hornnes. Då dottera Tone gifte seg i 1918, overtok ho og mannen hennes bruket.

Ståande: Knut B. Sollid, Jon T. Trydal, Mikkel Hisdal, Bjug K. Sollid. Sitjande: Birgit K. Sollid, Hallvard F. Trydal, Dreng Hisdal, Ingebjørg Hisdal. Biletet er teke av Jon O. Løyland då denne flokken var samla til passfotografering hausten 1940. Frå Setesdalsmuseet.
  • Tone Olavsdtr. Sollid, f 1891, d 1925
g 1918 m Knut Bjugsson Homme, f 1889, d 1977. Born:
  • Bjug, f 1919, g 1942 m Gyro Bjørgulvsdtr. Homme, sjå nedanfor
  • Margit, f 1920, g 1947 m Olav Hallvardsson Trydal, sjå Åsdokk Trydal, gnr 17, bnr 21
  • Birgit, f 1922, husmor, gbr., g m Harald Ødegård, Ulefoss, busett Ulefoss, born:
  • Mathias, f 1948, g m Randi Eiklund, Ulefoss, busett Ulefoss
  • Tone f 1949, g m Sigbjørn Andreassen, Ulefoss, busett Ulefoss
  • Olav, f 1924, d 1924

Knut Bjugsson var frå Bjugshus under Steinsland i Valle. Foreldra hans var Bjug Knutsson Homme og kona, Margit Olsdotter, fødd Haugen (jfr. Valle III, 580).

Ei stund etter at Knut og Tone hadde overteke Sollid reiste Birgit til sonen Olav i USA, og budde hjå han nokre år, men så døydde Olav, berre snaue 50 år gamal. Då drog mora heimatt til Sollid og budde hjå versonen, som hadde vorte enkemann.

Knut sette opp ny stoge på bruket i 1937. Ho er i to fulle høgder og har ei grunnflate på 80 m². Same året fekk han seg også opp ein ny løebygning.

Knut budde her med borna sine og dreiv bruket til 1941, då han flutte til Bjones, som han leigde hjå enka Tore Olavsdotter Bjones. Det var noko meir dyrka jord på Bjones, og såleis meir å greie seg på under krigen. I 1947 flutte han oppatt hit saman med sonen og kona hans, som då gifte seg og overtok bruket.

Bjug Sollid var god smed. Her sit han og smiar på eit knivblad ein gong i 1980-åra. Folke Nesland tok biletet.
Bjug og Gyro Sollid i 1978.
Foto: Gerd Fosse Hovden
  • Bjug Knutsson Sollid, f 1919, d 1998
g 1947 m Gyro Bjørgulvsdtr. Homme, f 1921. Born:
  • Tone, f 1949, g m Torjus J. Trydal, f 1949, d 1986, sjå Sarvskroken, gnr 15, bnr 30, jfr. nedanfor
  • Birgit, f 1953, g m Lars Sveinung Tveiten, sjå Malmvegen 26, gnr 2, bnr 353
  • Knut, f 1959, tømrar, lærar byggfag, busett Valle til 1985, sidan Kristiansand, g 1. 1983 m Sissel Synnøve Vatnedalen, Tveit ved Kr.sand, born:
  • Marion, f 1983
g 2. m Gro Ljunggren, Kristiansand, born:
  • Morgan, f 1995
  • Sander, f 1997

Gyro Bjørgulvsdotter kom frå Gråmannshus i Valle, gnr 29, bnr 1. Foreldra hennes var Bjørgulv Torsson Homme og kona, Birgit Bjørgulvdotter, fødd Homme.

Bjug og Gyro dreiv bruket med 2 kyr, 8-10 sauer, og gjerne ein gris og nokre høns. I 1950 sette dei opp nytt fjos ved sidan av løa frå 1937. Utpå 1950-talet fekk dei kaupe eit stykke på nordsida av elva frå Holen, og dyrka opp kring 15 mål der, så det dyrka arealet på eigedomen kom opp i omlag 30 mål. Ved sidan av bruket dreiv Bjug mykje med bygningsarbeid, og var elles med på fleire kraftanlegg.

I 1967 selde Bjug og Gyro damrettar til I/S Øvre Otra, og sette seg året etter opp eit nytt hus i Nedre Sarv i Kyrkjebygdi (Sollid, gnr 15, bnr 35). Her bur Gyro framleis (hausten 2002). Då det viste seg at det likevel ikkje vart aktuelt å demme ned gardsbruket, fekk familien behalde det.

Då Bjug var borte i 1998, kom borna til om at det høvde best at Tone, eldste dottera, overtok Sollid, medan Knut fekk ei hyttetomt på eigedomen. I samband med denne heimelsovergangen oppdaga dei at bruket aldri hadde vore skyldsett for seg sjølv, og såleis heller ikkje var oppført i matrikkelen. Det vart då teke initiativ til dette, men fyrst våren 2002 var det nødvendige papirarbeidet til endes, og Tone vart formell eigar. Ho er nærare omtala i bolken om heimen hennes i Nedre Sarv (Sarvskroken, gnr 15, bnr 30).


0941 Bykle komm.png Sollid (Bykle gnr 13/38) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kyrkjelii 10 • Neste bolk: Byklum