Solvang (Bykle gnr 17/43)

Solvang i Trydal ligg ved bygdevegen sør for Strondi, bnr 5. Huset vart oppsett i 1970, på ei tomt som Eivind O. Trydal fekk hjå faren Olav S. Trydal på Strondi. Tomta vart matrikulert i 1972.

  • Eivind O. Trydal, f 1934, d 1991
Solvang
Trydal 81.jpg
Solvang 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1970
Utskilt: 1972
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 43
Type: Bustadeigedom
g m Ingfrid Nelly Gunvaldsen, f 1939. Born:
  • Roy Olav, f 1959, sjømann, g m Bente Pedersen, sjå Roybo, bnr 61
  • Leif Henry, f 1965, busett Flatelandsmoen, Valle, oljearb., g m Jorunn Tveiten, born:
  • Birgit, f 1995
  • Laila Irene, f 1967, busett Arendal, spes.sj.pl.
  • Hilde Kristin, f 1972, busett Grimstad, kontorsjef

Ingfrid N. Trydal kjem frå ÅdlandKarmøy, og er dotter åt Louis og Helga Gunvaldsen.

Eivind dreiv ei tid drosjeforretning, men gjekk sidan over til å køyre buss, og dei siste 10-15 åra han livde, arbeidde han på renseanlegget på Hovden. Ingfrid arbeider (haust 2004) på bygdeheimen i Bykle.


0941 Bykle komm.png Solvang (Bykle gnr 17/43) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Furulund • Neste bolk: Skogheim