Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen

Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra.

Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk.

Målsaka vert introdusert i bygda

Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde.

Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der.

1901: Fyrste vedtak om landsmål i skulen

Den fyrste læraren i Jostedalen som møtte målsaka på lærarskulen, var truleg Anders O. Øvregaard som tok eksamen ved Balestrand lærerskole i 1874. Han dukkar opp som tillitsvald i det nyskipa Jostedal mållag i 1907, men det er uvisst når han fekk eit engasjement for målsaka og byrja å gjera noko ut av det.

Det er andre og yngre lærarar me finn i fremste rekkje i målarbeidet, og dei hadde lærareksamen frå 1890-åra og byrja som lærarar i Jostedalen like før hundreårsskiftet. I fyrste omgang galdt det kyrkjesongaren Anders Hjellum frå Aurland (eksamen frå Stord seminar 1891) og Mons H. Takle frå Brekke (eksamen frå Stord seminar 1898). Den 15. januar 1901 var Anders Hjellum framleggsstillar bak eit framlegg i eit kombinert skulestyre- og lærarmøte i Jostedalen. I protokollen heiter det:

 
Vedtaket i skulestyret 15. januar 1901

Efter forslag fra Kirkesanger A. Hjellum besluttedes mod 2 stemmer at foreldrene herefter skal have frit valg af Abc og bibelhistorie til sine børn enten disse skal være paa landsmaal eller paa almindeligt bogmaal.[1]

Vedtaket vart gjort mot to røyster. Dette var såleis eit vedtak som opna for at foreldra kunne velja mellom landsmåls- og riksmålsutgåver av to lærebøker. Signaturen ”...e” (truleg Mons H. Takle), fortalde om vedtaket i målavisa Den 17de Mai og skreiv at ”Det hev ellest vore smaatt med maalhugen hjaa storhopen her fyrr; men no hev daa skulestyre teke eit stig i leidi.[2]

1903: Blix-salmane ikkje innførte

I 1892 opna regjeringa for at dei nynorske salmane til Elias Blix kunne takast i bruk i kyrkjene. Den fyrste kyrkjelyden i Sogn og Fjordane røysta inn Blix-salmane i 1899, og i juli 1903 kom spørsmålet opp i Jostedal kyrkje. Denne gongen ville berre 12 røysteføre ta i bruk Blix-salmane medan 56 var mot. Ein lokal målmann oppsummerte to år seinare tapet med at ”Det var endaa noko altfor nytt dette med Blix-salmarne; folk kjende dei ikkje den gong. Og dei trudde ikkje at dei var nasjonale. Dei trudde endaatil sume, at den danske salmediktar Kingi var meir nasjonal enn Blix. Blix var med andre ord ein heilt ny mann i Jostedalen.”[3]

1904-1916: Resten av lærebøkene på landsmål

Den neste gongen målspørsmålet kom opp, var vinteren 1904. Då var då spørsmål kva lesebok som skulle nyttast, og i motsetnad til i 1901 vart no prosedyren i målparagrafen i folkeskulelova (§73) følgd. Fyrst uttala overtilsynet seg om saka, så fekk dei fem skulekrinsane uttala seg før skulestyret hadde saka oppe på fleire møte. Konklusjonen vart at Austlids nynorske lesebok skulle takast i bruk, men at dei krinsane som hadde att nok brukande eksemplar av Pauss og Lassens lesebok, skulle få halda fram med dei. Ikkje alle var like glade for vedtaket. Gardbrukar Lars R. Faaberg nekta dottera si å bruke den nye leseboka, så lærar Laurits Kronen klaga til skulestyret. Saka vart ekstra pikant då Faaberg i mellomtida vart ordførar. Skulestyret vedtok (samrøystes) at han straks måtte skaffa leseboka – om ikkje vanka det straff etter § 17 i folkeskulelova. Då bøygde Faaberg av. Dei følgjande åra vart nynorske lærebøker innførde i alle fag ei for ei. Sist i desember 1905 oppsummerte ein målmann endringane: ”Men no hev der kome kunnskap um desse ting. Ein ny nasjonal straum hev fare gjenom dalen beint imot snoen fraa Jostedalsbreden. Med denne nasjonale straumen fekk me desse skulebøkerne paa landsmaal inn i folkeskulen.” Han nemner ”Den fyrste bok aat barnet”, bibelsoga og Austlids lesebok.[4] Dei einaste attverande riksmålsbøkene i 1916 var i kristendom, og skuledirektøren for Bergens stift (Olav Vevle) påpeika no det uheldige i dette. Resultatet vart at skulestyret dette året òg innførte landsmålsbøker i kristendom.

Skriftleg opplæring på landsmål

Det er ingen spor etter at spørsmålet om skriftleg opplæringsmål for elevane var oppe i skulestyret. Men då Vestlandske målkontor gjorde opp status for målstoda i Nordre Bergenhus amt i 1907, vart det slege fast om Jostedalen: ”Inkje noko vedtak. 4 Krinsar hava den skriftlege Upplæring paa norsk, 1 paa Riksmaal. Alle krinsar hava ABC og Bibelsoga paa norsk. Ingen Lærar talar dansk i Skulen.”[5] Me veit ikkje kva for ein krins som framleis brukte riksmål. Peder Hovdan har notert seg at berre to av fem krinsar brukte nynorsk i 1908, så her er opplysningane noko sprikjande. I den fyrste offisielle språkstatistikken frå 1910 heiter det så at alle fem krinsane brukte nynorsk.[6] Truleg har overgangen skjedd mellom 1906 og 1910. Avisinnlegget i desember 1905 nemner ikkje noko om skriftleg opplæring i nynorsk, så den skriftlege nynorskopplæringa hadde neppe noko omfang å snakke om på dette tidspunktet – då ville det nok vore med på skrytelista. Men det heiter at ”Foreldri hev so litt etter kvart fenge opne augo for sitt eige maal, og for den herlege aandsarv dei hermed hev vore med og gjeve ungdomen. Dei skynar det no alle, at landsmaalet er det likaste for borni, naar det gjeld aa arbeida seg fram til upplysning og kunnskap.”[7] Jostedalen er døme på ei bygd der det aldri vart gjort formelt vedtak om å gå over frå bokmål til nynorsk. Mange stader der lærarane byrja med nynorsk utan slike vedtak i ryggen, vart det bråk, som i Hafslo 1910-11. Men i Jostedalen ser me ingen spor etter protestar.

1907: Blix-salmane innførte

Spørsmålet om Blix-salmane vart teke opp att i 1906-07. I november 1906 vart Jostedal mållag skipa, og på det tredje møtet (i april 1907) drøfte laget ”korleis ein best skulde arbeida for aa faa Bliks-salmarne vedekne til kyrkjebruk. Det var semja um aa fara vârt og helst arbeida paa aa faa dei, ein visste røysta for salmarne, til aa møta fram til avrøystingi.”[8] Planen om å gå varsamt fram var vellukka, for då spørsmålet kom opp til røysting i kyrkja 12. mai 1907, røysta heile 51 mot å ta i bruk Blix-salmane og berre tre imot.[9]

1923 og 1935: Nynorsk liturgi og salmebok

Kyrkjelyden vedtok 5. februar 1923 å ta i bruk nynorsk liturgi. Det hadde vore mogleg sidan 1906/07, men den store overgangen kom frå kring 1920, og i løpet av 1923 kom talet på sokn med nynorsk liturgi opp i 136 (av 1001). Men alt i 1912-13 hadde jostedølene høyrt nynorsk frå preikestolen. Då var Jostedalen prestelaus, og den nynorskbrukande presten i Årdal, Oscar Garman Nagelstad, vikarierte jamleg i Jostedalen frå september 1912 til april 1913. Han nytta nynorsk både til preike og barnedåp.

Nynorsk salmebok kom ut i 1925 og vart autorisert til kyrkjebruk. Dei tre frilynde ungdomslaga i bygda, Myklemyr ungdomslag, Ungdomslaget Fram og Jostedal ungdomslag, ivra sterkt for å få den nye salmeboka innførd i Jostedalen og skreiv brev til soknerådet om saka. Ho vekte eit stort engasjement, og etter gudstenesta 27. november 1927 kom saka opp til avgjerd. Heile 143 røysteføre kvinner og menn møtte fram til ein frisk og kjensleladd debatt i kyrkja. Saka enda med at 41 ville ta i bruk Nynorsk salmebok medan heile 102 framleis ville ha Landstads salmebok. Blix sine nynorske salmar var frå før teken i bruk i tillegg til Landstad. Etter åtte år kom så saka opp på nytt, og 2. juni 1935 vart Nynorsk salmebok røysta inn med 55 mot 18 røyster. I løpet av 1935 hadde 213 (av 1020) kyrkjesokn i landet røysta inn Nynorsk salmebok.[10]

Målbruken i den kommunale administrasjonen

Skulestyret var det fyrste kommunale organet som tok til å bruka nynorsk i Jostedalen. På møte 23. september 1912 var spørsmålet oppe, og eit framlegg frå lærarrepresentanten Anders Hjellum om å føra møteboka på nynorsk vart samrøystes vedteke. Skulestyreformannen Ole Myklemyr tok vedtaket til etterretning. Referata frå møta i Jostedal lærarlag og Jostedal skulestyre 30. desember 1912 er såleis dei fyrste som er førte på nynorsk i skulestyreprotokollen.[11]

Dette endra seg då bygda fekk ny sokneprest i 1913, Carl Fredrik Falkenberg, som òg vart formann i skulestyret. Han førde møteboka på bokmål, og det same gjorde den nye skulestyreformannen, lensmann Lars Stølen, etter at Falkenberg flytte frå bygda i 1916. Det endelege gjennombrotet for nynorsk i skulestyret kom då den nye presten, John Rongved, vart formann i skulestyret i 1917 og då tok til å føra møteboka på nynorsk att.

Når det gjeld andre kommunale organ har Peder Hovdan notert seg at sjukekassa i Jostedalen brukte nynorsk frå nyttår 1913. Formannskaps- og kommunestyreprotokollane vart førde på bokmål fram til Hermund N. Bruheim vart vald til ordførar i 1923. Han førde møteboka sjølv, og frå 10. februar 1923 var møteboka frå formannskap og kommunestyre førd på nynorsk.[12] Same året gjorde kommunestyret vedtak om å krevja nynorsk i skriv frå staten – det hende 19. mars 1923 og var nok ein konsekvens av den sentrale kampanjen til Noregs Mållag der kommunane vart oppmoda om å gjera slike vedtak.

Aktørane

Målarbeidet i Jostedalen skjedde i liten grad i organiserte former. Jostedal mållag var berre i aktivitet frå november 1906 til 1910 og gjekk deretter i dvale fram til 1927. I april 1908 drøfte laget om ”maallaget no skulde gjera fortgang med aa faa heilnorsk skule i Jostedalen. Mange tala for og mange imot, og saki vart utsett”, og meir finn me ikkje om den saka i møteboka, så dette var ikkje ei sak mållaget som organisasjon engasjerte seg i.

Lærarane spela ei nøkkelrolle. Leiaren den fyrste tida var kyrkjesongaren Anders Hjellum, og den andre me finn tydelege spor etter, er Mons H. Takle. Etter hundreårsskiftet vart bror hans, Magnus Takle, og Laurits Kronen viktige. Me finn òg den eldre læraren Anders O. Øvregaard og den yngre Lars R. Nedrelid i mållaget.

Nokre av dei synlege målfolk på denne tida var ikkje lærarar, men hadde ei tilknyting til handelsverksemd og bankdrift. Det galdt handelsmennene Melchior Yttri og Tøger Faaberg, og den seinare kasseraren i Jostedal sparebank, Hermund N. Bruheim, som var son av sparebankkasserar Nils H. Bruheim.

Interessant er det òg at fleire av sokneprestane stilte seg positive til innføringa av landsmålet. I avisinnlegget frå desember 1905 heiter det at den ”nasjonale straumen hev havt god studnad av presten og lærararne. I denne sak som i uppsedingsarbeid og upplysningsarbeid arbeider desse menn traust og godt saman, so i so maate kann Jostedalen reknast for ei mynsterbygd.”[13] Dette må sikta til Ragnvald Cornelius Knudsen, som var sokneprest frå 1903 til 1906. Me har elles sett at John Rongved, sokneprest frå 1916, sjølv førte skulestyreprotokollen på nynorsk.

Inkje tyder på at riksmålsrørsla hadde noko som helst fotfeste i Jostedalen. Den einaste personen som er knytt til ein artikulert motstand mot målreisinga er Lars R. Faaberg, som ikkje ville at dottera skulle ha nynorsk lesebok i 1904. Elles viser røystetala mot Blix-salmane i kyrkja at haldninga mellom folk flest endra seg mykje i åra etter 1901.

Notar

  1. Fyrste vedtak om nynorsk i skulen (1901) (Jostedal historielag)
  2. Fyrste vedtak om nynorsk i skulen (1901) (Jostedal historielag)
  3. Om målreisinga i Jostedalen (avisinnlegg 1905) (Jostedal historielag)
  4. Om målreisinga i Jostedalen (avisinnlegg 1905) (Jostedal historielag)
  5. Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil 1907. Bergen: Det vestlandske Maalkontor 1907. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  6. Skolevæsenets tilstand 1910. Norges officielle statistik. V. 218. Kristiania: Kirke- og undervisningsdepartementet 1913
  7. Om målreisinga i Jostedalen (avisinnlegg 1905) (Jostedal historielag)
  8. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Jostedal mållag, møtebok 1906-1954
  9. Peder Hovdan om innføringa av nynorsk (Jostedal historielag). Mange av opplysningane i det følgjande er henta herifrå.
  10. Øvregard m.fl. 2010
  11. Øvregard 1996
  12. Øvregard 1996
  13. Om målreisinga i Jostedalen (avisinnlegg 1905) (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl.
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 330-333.
  • Kåre Øvregard, Asbjørg Ormberg og Oddmund L. Hoel. (2010.) Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald, s. 78-80.
  • Fretland, Jan Olav, og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn - glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56.
  • Hoel, Oddmund L. (2006). Jostedal mållag 100 år. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 50), 88-89.


  Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.