Laurits Kronen
Laurits (Lauritz) Kronen (fødd 21. september 1880 i Jostedalen, død 4 mai 1967 i Modum) var lærar. Han var son av gardbrukar Tøger Larsson Kronen (1843-1909) og Maria Larsdotter (1853-1908).
Lauritz Kronen gjekk Sogndal folkehøgskule og deretter Elverum lærerskole der han tok lærareksamen i 1903. Same året vart han tilsett som lærar i Jostedalen. Frå 1908 var han lærar i Oppdal, men i 1911 kom han og Anna attende til Jostedalen der han no arbeidde som lærar til 1919. Då gjekk turen fyrst attende til Sør-Trøndelag der Lauritz var lærar og kykjesongar i Rennebu før han vart lærar på Snarum og seinare på Vikersund i Modum i 1921. Ekteparet slo seg ned på garden Jonsrud. Dei overdrog garden til yngste sonen, Karl Lage, i 1939, bygde huset Fagerheim på tomt utskild frå garden og flytte dit. Her budde dei livet ut.
I arveoppgjeret etter foreldra Tøger og Maria fekk eldstesonen Lars heile farsgarden Kruna, men han selde vidare til i 1911 til svogeren Peder Pederson Grov. Lauritz tok så Kruna på odel (skøyte 26. september 1912), og han og Anna dreiv garden så lenge dei budde i Jostedalen. Eldstsonen Lars gjev i boka Indtryk og minder ei lite flatterande skildring av faren og oppveksten på Kruna.
Lauritz Kronen var engasjert i målsaka og sentral i målarbeidet i Jostedalen dei to periodane han budde i bygda. Han var styremedlem i Jostedal mållag frå skipinga i november 1906. Han var truleg òg forfattaren av eit avisinnlegg om folkerøystinga om unionsoppløysinga i Jostedalen i 1905.[1] Han var dessutan aktiv i Venstre og fråhaldsrørsla.
Lauritz og Anna fekk i alt elleve born. Berre ni av dei, tre søner og seks døtre, vaks opp.
Notar
- ↑ 1905 i Jostedalen (Jostedal historielag)
Kjelder og litteratur
- Lauritz Kronen i folketelling 1910 for Oppdal herred fra Digitalarkivet
- Espeland, Arne. (1934). Norske skulefolk Stavanger: Dreyer, s. 721
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 823-25. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
- Fretland, Jan Olav, og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn - glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56. (Digital utgåve)
- Kronen, Lars T. (1923). Indtryk og minder. Fra 28-aars reiseliv i 20 forskjellige land. Kristiania: Eget forlag. (Digital utgåve, Jostedal historielag)