Stemshaug kyrkje
Stemshaug kyrkje ligg i Aure kommune på Nordmøre. Kyrkja vart bygd i 1908, og er ein basilika i reisverk med 300 sitjeplassar. Vestfasaden er kledd med blikkplater. Kyrkja vart pussa opp innvendig i 1958. På same tid fekk bygget utsmykkingar ved kunstmålar og organist Olav Halse.
Stemshaug kyrkje | |
---|---|
Foto: Olve Utne (2009).
| |
Byggeår: | 1908 |
Endringar: | Oppussa innvendig 1958. |
Kyrkjegard: | Stemshaug kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Møre bispedøme |
Prosti: | Ytre Nordmøre |
Prestegjeld: | Aure |
Fellesråd: | Aure |
Sokn: | Stemshaug |
Materiale: | Tømmer |
Preikestol: | 1908 |
Døypefont: | 1908 |
Altartavle: | 1914, av Daniel Skipnes. |
Sitteplassar: | 300 |
Interiør
Døypefonten og preikestolen er frå 1908. Orgelet er frå 1966.
Altartavla vart laga av Daniel Skipnes i 1914. Hovudmotivet er eit måleri av Jesus; det er henta inspirasjon frå Matt. 11:28: "Kom til mig, alle I som strever og har tungt å bære, og jeg vil gi eder hvile!" Noko som er spesielt for denne altartavla, er at ho er dekorert med utskjæringar av kong Olav den heilage, reformatoren Martin Luther og forkynnaren Hans Nielsen Hauge.
Kyrkjegarden
På ei høgd på kyrkjegarden finn vi ein minnestein over dei to personane frå gamle Stemshaug kommune som fall under andre verdskrigen. Steinen vart reist i samband med frigjeringsjubileet i 1995.
Det er gravlagt to sovjetiske soldatar på kyrkjegarden, desse omkom under andre verdskrigen. Lika av dei vart funne i fjøresteinane i november 1942, og kroppane vart gravlagte på kyrkjegarden etter å ha vorte undersøkt. Rundt 1994 vart det også reist eit minnesmerke på grava.
Andre opplysningar
Etter folketradisjonen skal Hans N. Hauge ha vore på Stemshaug ein gong, og bl.a. bygd ein saltkjel i Hjelahamn. Men det finst ikkje belegg i historiske kjelder for dette.
Galleri
- Foto: Olve Utne (2009).
- Foto: Olve Utne (2009).
- Foto: Olve Utne (2009).
- Foto: Olve Utne (2009).
- Foto: Olve Utne (2009).
- Foto: Olve Utne (2009).
- Foto: Olve Utne (2009).
- Foto: Olve Utne (2009).
- Foto: Olve Utne (2009).
Kjelder og linkar
- Vik, Knut O. (1937): Jubileumsskrift for Stemshaug herad
- Finset, Tore (1991): Aure og Stemshaug indremisjon 1891-1991
- Kiplesund, Kenneth: Stemshaug kyrkje (Død lenke)
- Kiplesund, Kenneth: Sovjetisk krigsgrav på Stemshaug (Død lenke)
- Orten, Per Eilert (2000): Den nye dagen gryr
Koordinater: 63.3277417° N 8.6951056° Ø