Tingvoll kyrkje
Tingvoll kyrkje (lokal uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (nominativ/akkusativ) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (dativ)) på Tingvoll på Nordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærheita ligg på eit sentralt plassert på nordsida av Tingvollvågen.
Tingvoll kyrkje | |
---|---|
Tingvoll kyrkje. Foto: Arve Holmeide
| |
Sted: | Tingvoll |
Byggeår: | kring 1180 |
Kirkegård: | Det er kyrkjegard ved kyrkja. |
Materiale: | stein |
Mål: | 32 X 23 m |
Tårn: | 1787 - 36m høgt |
Kor: | 9,8 X 9,8 m |
Skip: | 22,2 x 12,8 m |
Prekestol: | 1632 |
Døpefont: | uviss - frå mellom 1400-1600 |
Alter: | 1660 |
Sitteplasser: | 260 |
I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmøre, og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her. Veggene i kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned att. Det er eit mysterium kvifor dei vart bygde. Likeeins ein balkong på utsida oppe under røstet i korgavlen.
Kyrkja er rikt dekorert; frå målingane på veggene i våpenhuset og kalkmåleria i skipet til taket i koret med stjerner og halvmånar. I korveggen, attom toppen av altertavla, er det innmura ein marmorstein med runer. Denne innskrifta inneheld ei bøn og det ein trur er namnet på byggmeisteren: Gunnar. I 1928–29 vart kyrkja gjennomgåande restaurert. Det noverande interiøret stammar i hovudsak frå 1600-talet. Kyrkja blir nokre gonger kalla Nordmørsdomen.
Tingvoll kyrkje var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.
Galleri
Lenkjer
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tingvoll kyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |