Ulla fyrstasjon

Ulla fyrstasjon ligg i Haram i Ålesund kommune. Fyret vart oppretta i 1874. I 1872 vart det «fra den fiskende almue i Haram» søkt om eit fyr enten på Kvernholmen eller på Ullaholmen. Søknaden var anbefalt av amtmannen m.fl. Løyve vart gitt til oppretting av eit fiskefyr, og det vart kjøpt ei mindre tomt på Kvernholmen der det vart oppført ei fyrbygning på 8,3 x 4,5 m med to små rom og eit vaktrom på loftet. Fyret vart ferdig hausten 1873 og vart tent den 25. januar 1874.

Ulla fyrstasjon
Oppretta: 1874
Status: Automatisert og avbemannet 1975
Funksjon: Lei-/tidligere fiskefyr
Eier: Staten v/ Kystverket
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Ålesund kommune
Vernestatus: Fredet etter lov om kulturminner

I budsjettet for 1889-90 vart det gitt løyve til å utvide brennetida. Dette innebar at stasjonen måtte utvidast til familiestasjon. Og derfor var det ønskjeleg å kjøpe heile Kvernholmen slik at det vart ei brukbar ordning med småbruk for fyrvaktaren. Ein bustad på 8 x 6 m vart oppsett i tillegg til den som stod der frå før. Uthus og naust med båtopptrekk vart også oppført og dessutan eit lite fjøs. I 1898 vart det installert ei 4. ordens linse, og fyret vart omskjerma med fleire klippsektorar. Under ein storstorm i januar 1901 vart naustet flytta av sjøen utan at det vart særleg skada. Ein del av det som stod i naustet vart skylt bort, og fyrvaktaren fekk kr 67,- i erstatning for tapte effektar… Eit landingskar med svingkran vart bygd i 1908. I 1929 vart fyret vesentleg forsterka med installering av elektrisk kraft frå Haram Elverk.

I oktober 1944 vart Ulla fyrstasjon bomba av allierte fly. Skadane var store, og i 1950 vart det bevilga kr 300 000,- til gjenoppbygging av stasjonen. Det vart oppsett eit tårn på 6 x 6 m av jarnbetong med maskin-, tavle- og vaktrom i 1. etasje. 2. etasje vart innreidd til lager for reservedeler og forbrukssaker, og på taket vart det oppført ei støypejarnslykt. Tårnet vart plassert omtrent der den tidlegare bustaden hadde stått, ca 180 m frå landingsplassen.

Det vart bygd ein ny dobbeltbustad ca 60 m frå landinga, med husvere for fyrmeister og ein betjent. Det vart òg innreidd eit kombinert sove- og opphaldsrom for ein avløysar. Det vart også sett opp uthus og to naust. Frå nausta var det ei ca 30 m lang skinnebane til eit landingskar med svingkran. Nokre år seinare vart det bygt ei gangbru over det grunne sundet mellom Kvernholmen og Haramsøya.

I 1975 vart fyret automatisert og avfolka.

I ei kort periode hadde forsvaret leigeavtale med Kystverket om bruk av fyret til ulike tilskipingar. I 2003 vart denne avtalen sagt opp og frå same dato har Kystverkklubben og Ullafyrets Venner teke over ansvaret for vedlikehald m.m. på Ulla fyrstasjon.

Ullafyrets Venner er ein frivillig organisasjon med om lag 40 medlemmer, som har som føremål å halde ved like og utvikle området ved og rundt Ulla fyr og fyrstasjon, og samstundes skape eit godt miljø innad i Ullafyrets Venner. Eit anna mål er å halde området ope for alle. Stasjonen er i god stand, med nytt vakuumtoalett og enkel dusj.

Området er svært mykje brukt som turmål av forskjellig karakter, både av lokalbefolkninga og av tilreisande. Området er lett tilgjengeleg og kan med enkel tilrettelegging vitjast av folk i rullestol. Av praktiske og vêrmessige grunnar er sjølve stasjonsområdet på Kvernholmen avlåst når det ikkje er folk til stades enten frå Ullafyrets Venner eller andre med tilgang.

Fyrstasjonen er godt eigna for overnatting, med til saman 22 senger fordelt på 6 rom. Han er òg godt eigna for ulike tilskipingar, open fyrkafé, kunstutstilling, mindre selskap, med ein kapasitet rundt 30 personar for servering og slike formål. Fyrbetjenten sitt naust er innreidd som festlokale med langbord.

Kjelder

  • Eli J. Ellingsve: Finn et fyr, Tapir Akademisk forlag, 2009
  • Kystverket: Landsverneplan for maritime kulturminner, 2009 (pdf)
  • Bjørkhaug/Poulssen: Norges fyr, Grøndahl forlag

Se også

Koordinater: 62.685468° N 6.166762° Ø