Haram kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haram kommune
1534 Haram komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1534
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Brattvåg
Areal i  km²(2020) 261,13 km²
Folketal 2020 9345 (2018)
Grunnlagt 1837
Opphørte 2020
Delt i 1965: Nordre del til Sandøy kommune
Slått saman med 1965 Del av Borgund kommune samt Vatne kommune
No del av Ålesund kommune
Målform Nynorsk

Haram kommune var ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensa mot romsdalskommunane Sandøy, Midsund og Vestnes så vel som til sunnmørskommunane Skodje, Ålesund og Giske.

Administrasjonssenteret låg i Brattvåg. Dei større bygdene i sør og aust var Vatne,Tennfjord og Grytastranda. I nordaust låg Vestre. I vest og nord låg bygdene Hildre, Søvik og øysamfunna Lepsøya, Haramsøya, Skuløya og Fjørtofta.

Den tidlegare Vatne kommune unntatt Dryna og området på Midøya, blei ved kommunesamanslåinga i 1. januar 1965 slått saman med tidlegare Haram kommune til den nye storkommunen Haram. Også nordre delen av Borgund kommune med bygdene Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyane vestafor vart overført til Haram. Samstundes vart Myklebustområdet på Harøya med øyene vestafor (Uksøy, Storholmen med fleire) overførte til Sandøy kommune.[1]

I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vart Haram 1. januar 2020 innlemma i Ålesund kommune. Haram vedtok fyrst å slå seg saman med Sandøy, men etter at Sandøy bestemte at dei heller ville bli ein del av nye Ålesund kommune, valde fleirtalet i Haram at kommunen skulle fortsette aleine. Dette vedtaket vart omgjort av Stortinget i 2017, då Haram med 86 mot 83 røyster vart tvungen inn i Ålesund.[2]

Jonas Gahr Støres regjering har i si regjeringsplattform at det er kommunane sjølve som eventuelt skal søkje om deling, og etter ein rådgjevande folkeavstemming 3. mars gav eit klårt fleirtall for deling, vart dette vedteke av kommunestyre. Regjeringen støttar forslaget og ein deling kan i så fall bli frå 1. januar 2024 etter at kommunevalet 2023 har valgt nye kommunestyrer. Saken avgjøres av Stortinget.[3]

Økonomi

Haram kommune hadde fleire industribedrifter, Aker Yards i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg, Tennfjord og på Longva (Haramsøya). Frå 1990-åra opplevde industrien mangel på arbeidskraft og måtte importere arbeidskraft, hovudsakleg polakkar.

Kyrkjer

Tettstaden Søvik.
Foto: Hildegunn Gangstad

Det er seks kyrkjer i tidlegare Haram kommune, Haram kyrkje på Haramsøya, Fjørtoft kyrkje på Fjørtofta, Hildre kyrkje på Hildre, Brattvåg kyrkje i Brattvåg, Vatne kyrkje på Vatne og Hamnsund kyrkje i Hamnsund.

Matrikkelgårder

Kystkultur

Hellevik fyrstasjon, Lepsøyrevet fyrstasjon, Raudholmane fyrstasjon og Ulla fyrstasjon ligg i tidlegare Haram kommune.

Nokre personar frå Haram

Eksterne lenkjer

Kilder