Ulstein kommune

Ulstein kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Det er ein øykommune som famnar den vestlege delen av Hareidlandet, øyane Dimnøy og Eika og nokre mindre øyar. Administrasjonssenteret er Ulsteinvik. I 1916 vart Hareid kommune på Hareidlandet utskilt som eigen kommune. Dei noverande grensene vart fastsette i 1964, då Eika og delar av Hareidlandet vart overført frå Herøy.

Ulstein kommune
Ulstein rådhus Foto: Arnfinn Kjelland (2010)
Basisdata
Kommunenummer 1516
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Ulsteinvik
Areal 97.18  km²
Areal land 94.86  km²
Areal vann 2.32  km²
Folketall 8 555 (2018)
Grunnlagt 1838
Sammenslåing(er) 1964: Eika og delar av Hareidlandet overført frå Herøy
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Ulstein raadhus.JPG
Ulstein rådhus
Foto: Arnfinn Kjelland (2010)

Kommunen har ein del industri som sysselsett kring ein tredjedel av arbeidsstokken. Ein finn særleg verkstadsindustri. Fisket var tidlegare særs viktig for kommunen, men er ikkje lenger like sentralt. Jordbruk blir helst drive i kombinasjon med andre næringsvegar.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!