Ulvik herad
Ulvik herad ligg i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Voss i nord og vest, Aurland i nord, Hol i aust, Eidfjord i sør og Ullensvang i sørvest. Kommunen fikk sine noverande grenser i 1891, då Eidfjord og Granvin vart utskilde. Administrasjonssenteret er Ulvik, som er einaste tettstad i kommunen.
Ulvik herad | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 4620 |
Fylke | Vestland |
Kommunesenter | Ulvik |
Areal | 720.83 km² |
Areal land | 671.17 km² |
Areal vatn | 49.66 km² |
Folketal | 1 117 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Frådeling(ar) | 1891: Granvin og Eidfjord utskild. |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Ein stor del av arbeidsstokken er sysselsett i offentlig forvaltning og tenesteytande næring. Turisme er òg ein viktig næringsveg. I landbruket dominerer hagebruket. Ulvik er nest etter Ullensvang den viktigaste fruktkommunen i tidlegare Hordaland fylke.
Folketalet har i hovudsak gått attende i heile etterkrigstida, og i 2017 var det 25 prosent lågare enn i 1945. Med snaut 1100 innbyggjarar er Ulvik den femte minste i Vestland fylke.
Lengst aust i Ulvik går Bergensbanen, med stasjonane Hallingskeid og Finse.
Eksterne lenkjer
- Flyfoto frå Ulvik kommune hjå Nasjonalbiblioteket
- NRK.no Hordaland: «Her var det varmast i landet i går» (publisert 10. juli 2014).
- «Ulvik» i Store norske leksikon
- «Kommuner i Vestland» på Wikipedia på bokmål og riksmål
|