Arbeideren og Gudbrandsdalens Arbeiderblad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. apr. 2012 kl. 10:42 av Gunnar E. Kristiansen (samtale | bidrag) (Satt inn bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Arbeideren & Gudbrandsdalens Arbeiderblad var ei avis som kom ut på Hamar i åra 1924-1929. Den vart starta som ei samanslåing mellom Arbeideren på Hamar og Gudbrandsdal Arbeiderblad, som kom ut på Lillehammer. Det var organ for Norges kommunistiske parti, avdeling av Den kommunistiske Internasjonale, og «dagblad for Hedemarken, Østerdalen, Gudbrandsdalen, Hamar og Lillehammer».

Fyrste redaktøren var Olav Larssen (1924), etterfølgd av Fr. Monsen (1924-1925), E.O. Solbakken (1925), Olav Larssen igjen (1925-1927), Olav Scheflo 1927-1928 med Ingv.B. Jacobsen og deretter Eivind Petershagen som vikarierande redaktørar, Eivind Petershagen med Jørgen Vogt som vikar (1928) og til slutt Jørgen Vogt (1929).

Det var direkte kontinuitet frå denne avisa til Arbeideren, som vart utgjeven i Oslo frå 1929 som hovudorgan for kommunistpartiet.

Kjelder

  • Norske aviser 1763-1969. En bibliografi. 1. Alfabetisk fortegnelse. Universitetsbiblioteket i Oslo, Oslo 1973