Arne Garborg: Forskjell mellom sideversjoner
(notoc, bilde) |
(bilde Arne Garborg byste) |
||
Linje 18: | Linje 18: | ||
{{thumb|0963 Labraaten Asker.jpg|Labråten i Asker, der Arne og Hulda Garborg budde.|Olve Utne}} | {{thumb|0963 Labraaten Asker.jpg|Labråten i Asker, der Arne og Hulda Garborg budde.|Olve Utne}} | ||
{{thumb|Garborgheimen.JPG|Garborgheimen, barndomsheimen på Garborg.|Gunleiv Hadland}} | {{thumb|Garborgheimen.JPG|Garborgheimen, barndomsheimen på Garborg.|Gunleiv Hadland}} | ||
{{thumb|Arne Garborg byste Deichmanske Oslo.jpg|Byste av Garborg utenfor Deichmanske hovedbibliotek i Oslo.|Stig Rune Pedersen}} | |||
Garborg gifte seg i [[1887]] med [[Hulda Garborg]]. Dei busette seg i [[1897]] på [[Labråten]] i [[Asker kommune]], og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit [[jærhus]] i [[Knudaheio]] som Garborg fekk bygd i [[1899]]. | Garborg gifte seg i [[1887]] med [[Hulda Garborg]]. Dei busette seg i [[1897]] på [[Labråten]] i [[Asker kommune]], og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit [[jærhus]] i [[Knudaheio]] som Garborg fekk bygd i [[1899]]. | ||
==Verkliste== | ==Verkliste== |
Sideversjonen fra 13. mai 2012 kl. 17:18
Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (fødd 25. januar 1851, død 14. januar 1924) var ein forfattar, redaktør og samfunnsdebattant.
Tidleg liv
Han vart fødd på familiegarden Garborg nær Undheim i Time kommune, og vaks opp der saman med åtte sysken. Før han ble kjend som forfattar arbeidde han som bladmann. Han var odelsgut, men valde trass det å ta utdanning. Faren hadde ønskt at eldstemann tok over garden, og dette skal ha vore medverkande til at han kom ut i eit religiøst prega tungsinn som endte med sjølvdrap i 1870. Barndomsheimen vart kjend som Garborgheimen.
Bladmann
I 1872 grunnla Garborg Tvedestrandposten, og i 1877 Fedraheimen der han var redaktør til 1892. I 1894 grunnla han Den 17de Mai saman med Rasmus Steinsvik.
Forfattar og målmann
Hans fyrste roman, Ein fritenkjar, kom ut i 1878. Den vart i 1883 følgd av Bondestudentar, som vart eit gjennombrot for Garborg. I 1889 la han saman med Rasmus Flo fram midlandsnormalen, ein rettskrivingsnormal som han sjølv nytta sidan. I Skriftir i samling er alle verka hans omskrive til denne normalen.
Bustader
Garborg gifte seg i 1887 med Hulda Garborg. Dei busette seg i 1897 på Labråten i Asker kommune, og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit jærhus i Knudaheio som Garborg fekk bygd i 1899.
Verkliste
Romanar
- Ein Fritenkjar (1878)
- Bondestudentar (1883)
- Mannfolk (1886)
- Hjaa ho Mor (1990)
- Trætte Mænd (1891)
- Fred (1892)
- Den burtkomme Faderen (1899)
Diktsamlingar
Skodespel
Andre verk
- Forteljingar og Sogar (1884)
- Knudahei-brev (1904)
- Jesus Messias (1906)
- Kolbotnbrev (1890)
- Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893)
- Dagbok 1905-1923 (1925–1927)
- Tankar og utsyn (1950)
- Odyssevskvædet umsetjing, Kristiania (1918)
- Han Lars i Lia