Belglii 37 (Bykle)
Belglii 37 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset i Belglii vart bygt av Ole Prytz Bruun og kona hans i 1989-90.
- Ole Prytz Bruun, f 1951
Belglii 37 | |
---|---|
Utskilt: | 1983 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 438 |
Type: | Bustadseigedom |
- g m Kari Dagmar Westersø Bruun 1953. Born:
- Thor Henrik, f 1984.
Ole er fødd i Gjerdrum som son til Milda Dorothea og Johan Henrik Bruun. Han byrja å arbeide ved Hovden Høyfjellshotell i 1977, og overtok som direktør to år seinare. Etter kvart vart han eineeigar av hotellet. I 1986 fekk han skilt ut eit areal på omlag 20 mål i kanten av hotelleigedomen, og i åra som fylgde bygde han her opp verksemda Hovden Hyttepark, der han var personleg eigar. Hovden Hyttepark vart seinare solgt, og er no kjend som Hovden Blå.
I 1989 overtok han og Johan Straand frå Vrådal bygget til Triangel Sportell frå Herbert Bachmann. I dette huset organiserte dei sidan A/S Hovden Høyfjellsenter, som står for den praktiske drifta av hytteparken, og yter service til gjestene der. Ole er arbeidande styreformann i verksemda, og steller elles mest med eigedomsutvikling. Kari Dagmar er frå Oslo og dotter til Aase Evelyn og Thor Westersø. Ho har stått for rekneskapsføringa både ved hotellet og dei andre prosjekta til ektemaken.
Belglii 37 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Belglii 36 • Neste bolk: Belglii 38 |