Hovden Høyfjellshotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovden Høyfjellshotell
Alt. namn: Flatestøylåsen
Utskilt: 1936
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 6
Type: Næringseigedom

A/S Hovden Høyfjellshotell vart skipa i 1935 av ei gruppe investorar frå Kristiansand, som meinte det burde vera god forretning å drive hotell på Hovden. Året etter kaupte selskapet ein parsell på 80 mål hjå A/S Sætersdalen, som på denne tid framleis åtte både bnr 1 og bnr 2 på Hovden. Her skulle hotellet byggjast. Så skjedde, og to år seinare sto det klart til å taka imot gjester.

Starten var prega av optimisme, og det vart m.a. satsa på å spreie vakre bilete av hotellet og omgjevnadene. Difor henta dei hit dei beste fotografane som var å finne, såleis m.a. A.B. Wilse. Men etter kvart synte det seg at det var vanskeleg å få tilstrekkeleg med hotellgjester til at drifta kunne løne seg. Den fyrste hotelldirektøren, som heitte Harald Køhn, slutta difor etter snaue 2 år. Ein ny sjef vart tilsett, men heller ikkje han fekk det til å gå skikkeleg rundt, og etter den tyske okkupasjonen vart det heilt umogeleg.

Frå 1942 var hotellet stengt til krigsslutt, då bortsett frå at tyske militære stundom bruka det. Dei var ikkje berre snille med huset.

Etter frigjeringa var det difor turvande med ei gjennomgripande oppussing og renovering av bygget, og denne tok si tid. Fyrst utpå våren 1946 var hotellet klart for å opne på ny. Opninga var fastsett til påske, då alt skulle vera klart, og hotellet var visstnok fullbooka sesongen til endes.

Men natta fyre opningsdagen kom det brått lauseld i huset, og hotellet brann ned til grunnen. Forsikringsoppgjeret gav tolleg god dekning for skadane, men dei fleste av aksjonærane hadde fått kalde føter, og ville heller hente pengane sine ut att enn å nytte dei til byggje hotell ein gong til.

Etter dette gekk det 20 år utan høgfjellshotell på Hovden. Men i 1963 tok Carl Ragnar Carlson frå Kristiansand initiativet til gjenoppbyggjing og ny drift av hotellet på den gamle tomta. Han presenterte forprosjektet om hausten det nemnde året. Det neste var å starte finansieringsprosessen. Carlson fekk med seg ei gruppe investorar frå heimbyen, og dessutan teikna både Bykle kommune og Aust-Agder fylkeskommune seg for store aksjepostar i det nye hotellselskapet.

Dinest fylgde engasjering av arkitekt Arne Baklund, og etter kvart byggjing. Visstnok var det likevel Carlson som hadde hovuideen til den arktitektoniske utformimga, som bygde på eit bilete av ein sekskanta snøkrystall. Men arkitekten var både i stand og viljug til å la seg inspirere på det same grunnlaget, dette skal då vera bakgrunnen for at hotellet fekk den forma det fekk.

I 1966 tilsette styret Herbert Bachmann frå Tyskland som hotelldirektør, slik at han kunne koma til Hovden og planleggje drifta medan han fylgde med i sluttføringa av byggjearbeidet. Året etter kunne så det nye hotellet opnast og setjast i drift. Oppstarten var økonomisk vanskeleg, og lønsemda i Bachmanns direktørperiode vart alt anna enn glimrande. Men han sto i stillinga i over 3 år, og lika seg så godt på Hovden at han planla og bygde si eiga turistverksemd, serveringsstaden Triangel Sportell, som sto klar då han slutta ved hotellet i 1970.

Dei som overtok etter Bachmann var Tuls og Carl Otto Schiørn. Dei leidde hotellet til 1977, og i deira tid vart drifta god forretning. Så bra gjekk det at direktørparet fann det interessant å prøve å kaupe ut dei andre eigarane. Men dette kom i konflikt med statlege eigarskapsreguleringar, og dermed laut overtakingsplanane skrinleggjast. Ekteparet Schiørn sette då i staden i gang med å byggje opp si eiga bedrift, Hovdestøylen hotell, i den andre enden av bygda.

Etter Schiørn var det ein direktør Hvidsteen innom i to år utan å setje mykje spor etter seg.

I 1979 overtok Ole Prytz Bruun direktørstillinga. Han oppnådde framifrå driftsresultat, slik at verksemda kunne ekspandere både på overnattings- og serveringssida. Hotellet var også sterkt inne i oppbyggjinga av Hovden Badeland, som opna i 1990.

Noko uti Bruuns periode vart eigarskapsreglane endra, slik at direktøren kunne gå tyngre inn eigarsida enn det som hadde vore mogeleg tidlegare. Såleis kunne han skaffe seg kontroll med aksjemajoriteten, m.a. gjennom å overtaka aksjane til Bykle kommune og Aust-Agder fylkekommune. Etter kvart vart han eineeigar. Frå 2003 fann han tida inn til ei viss nedtrapping av aktitiviteten, og fekk difor henta inn dei nye investorane Per Gunnar Andersen frå Flekkefjord og Tarald Nomeland frå Kristiansand, som sidan gradvis overtok, slik at dei i 2005 hadde hand om heile verksemda. Ole Bruun er likevel framleis sterkt inne i turistnæringa på Hovden. Etter salet av hotellet har han konsentrert seg om utviklinga av Hovden Hyttepark og Hovden Høyfjellsenter (jfr bolken om Belglii 37, bnr 438).

Av nye tiltak etter at Andersen og Nomeland kom inn i biletet bør vel særleg nemnast ei omfattande utbyggjing av fritidsleilighetar i høg prisklasse i tilknyting til hotellet.

Ny hotelldirektør etter Bruun vart Elin Monsen, dotter åt Inga og Arvid Reidar Monsen, ho overtok i 2005 (sjå Malmvegen 19).

Bakgrunnsstoff


0941 Bykle komm.png Hovden Høyfjellshotell er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hovdeplassen • Neste bolk: Hovdestøylen hotell