Dovre folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. apr. 2013 kl. 08:51 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Småtteri)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dovre folkehøgskule på Romundgard i Sel skuleåret 1919-1920. Andreas Austlid i andre rekkja nr. fem frå venstre. På venstre side av han Ingeborg Møller (Lindholm). Thorleif Schirmer bakarst i døropninga (med skjegg).
Foto: Ukjent

Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.

To generasjonar norskdomsrørsle

Olav Aukrust (1883-1929).
Foto: L. Forbechs eftf. (Kristiania)

Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien. Ein annan markant personlegdom ved skulen var forfattaren Ingeborg Møller, som var ein sentral pioner for den antroposofiske rørsla her til lands. Forretningsmannen og mesénen Einar Lunde, som bygde opp det antroposofiske miljøet på Lillehammer, støtta opp om tiltaket. Hovudæra for at skulen kom til Dovre, hadde ordføraren der, Bjørner Vigerust. Det kan gje eit frampeik mot ein avart av den gudbrandsdalske norskdomsrørsla. Vigerust var alt frå 1933 ein sentral person i det etter måten sterke NS-miljøet på Dovre.[1]

Oppstarten

Skulen på Dovre hadde eit toårig forspel i Gausdal. På initiativ av mellom andre Ivar Blekastad (far til Hallvard) var det på nytt kome i gang folkehøgskule der hausten 1913. Det var Christopher Bruuns Vonheim som skulle få nytt liv. Austlid var styrar og Hallvard Blekastad og Olav Aukrust blant lærarane der. Av ymse grunnar gjekk ikkje dette, og skulen såg ut til å måtte leggjast ned etter to vintrars undervisning. Da tok ordføraren på Dovre tak i saka og inviterte skulen dit. Det var Bjørner Vigerust, ivrig norskdommann som den gongen representerte Venstre, og som sjølv hadde bakgrunn frå Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord.

Økonomien og det praktiske med flyttinga til Dovre vart ordna over sommaren 1915. Dovre kommunestyre lova 1000 kroner årleg til skulen, og hjelpte til med husvære. Det vart i byrjinga kommunehuset Båtsto, der også Hjerleidske husflidsskule hadde lokale. Støtta frå kommunen gjorde sitt til å utløyse fylkes- og statstilskot.

Det melde seg om lag 60 elevar, og skulen kom i gang i oktober 1915. Aukrust var styrar. Som lærarar var i tillegg til styraren tilsett Ola Vigerust, Kristian Aasmundstad og Juline Stigen. Astronomen og læraren Sigurd Einbu og ditsriktslege Bidenkap var timelærarar.

Det var stor stas ved opningseremonien med mellom andre diktarpresten og målmannen Ivar Mortensson Egnund, skuledirektør Eftestøl til stades.

Turbulens

Det andre året fekk færre elevar. Aukrust gav den hausten ut den fyrste diktsamlinga si, «Himmelvarden», og var borte frå skulen fram til jul. Han fekk Hallvard Blekastad til å vikariere for seg. [2] Ingeborg Møller (som på den tida heitte Ingeborg Lindholm) kom nå med som timelærar. Blekastad er full av lovord om henne: «Ho har ein umaateleg menneskjekunnskap […] Eg har ikkje raaka noko menneskje enno som har havt so sterk tru paa og so stor kjærleik til folkehøgskulen som ho.» Og seinare (november 1916): «Fru Ingeborg Lindholm har begynt ved skulen au … Henne likar dei godt. Ho er ei kraft.»[3]

Men det skulle sidan syne seg at det var to meiningar om hennar innsats for skulen.

Frå tredje året (1917-1918) fekk Aukrust den aldrande Andreas Austlid til å ta over styringa i sin stad. Den unge lærarskuleutdanna Kristian Tordhol frå Lesja vart tilsett i staden for Ola Vigerust, som hadde sagt opp. Austlid tilsette så Sturla Brørs frå Sund folkehøgskule i Inderøy og dotter si Anna Austlid i staden for Aasmundstad og Juline Stigen. Dette skapte i følgje Tordhol noko misnøye.[4] Likevel meiner han at skulen tok seg opp att i omdømme og entusiasme dette tredje året, og at utsiktene såg gode ut.

Men det vart ikkje noko fjerde år for folkehøgskulen på Dovre. Tordhol, som skriv om dette ved femtiårsminnet i 1965, legg forklaringa til og mykje av skulda for dette på Ingeborg Møller. Ho var i følgje han eit «uroelement» med stadig nye planar for skulen.[5]

Nedlegging på Dovre og eit etterspel på Sel

Ingeborg Møller hadde tankar om å kjøpe ein gard på Dovre og byggje ein stor skule der. Ho var sterkt inne på tanken om å byggje han i fjellet, kanskje ved Hjerkinn. Austlid, gamle Ivar Blekastad og Einar Lunde var med henne i dette arbeidet. Det vart til at ho sommaren 1918 kjøpte Kleivmillom på Nord-Sel, og ivra for å flytte skulen dit. For Bjørner Vigerust og også for mange som var knytta til skulen på Dovre, var dette eit vonbrot. Kristian Tordhol mislikte dette sterkt, og framstiller det i ettertid som eit solospel og nærast som eit kupp frå Møllers side, men let seg overtale til å arbeide den fyrste vinteren der.[6]

Det vart ikkje til at skulen flytta til Kleivmillom. I staden leigde dei den fyrste vinteren (1918-1919) lokale i Bjørkheim hotellOtta. Austlid heldt fram som styrar ei tid. Kristian Tordhol hadde trass i sinnet som flyttinga hadde sett han i, overtala til å bli med som lærar i eitt år. Frå nyttår vart Margit Blekastad, syster til Hallvard, med.

Så vart skulen året etterpå flytta til Romundgard på Nord-Sel. Da kjende mange at ringen var slutta, sidan det var der Christopher Bruun hadde starta skulen sin i 1867. Austlid vart avløyst av Thorleif Schirmer som styrar frå nyttår. Tordhol framstiller det som at Austlid vart skuva ut på grunn av høg alder. Margit Blekastad slutta etter skuleåret 1919-1920. Meir fall da på Schirmer og Møller. Seinare kom også Ingebjørg Mælandsmo til,[7] og kanskje fleire.

Skulen på Sel vart nedlagd i 1922, og hadde da medrekna året på Otta halde på i fire skuleår.

Referansar

  1. Moren, G. 2006.
  2. Blekstad, M. 1983 side 114
  3. Båe sitata frå Blekastad, M. 1983 side 115.
  4. Tordhol, K. 1965 side 35.
  5. Tordhol, K. 1965 side 36.
  6. For to noko ulike framstillingar av hendingsgangen sjå Tordhol, K. 1965side 36-38 og Blekastad, M. 1983 side 119-121.
  7. Reiten, J. 1978 side 41-42.

Kjelder og litteratur

  • Blekastad, Milada: Hallvard Blekastad. Glimt frå eit kunstnarliv. Universitetsforlaget 1983.
  • Moren, Gudmund: «Nasjonal Samling i Dovre 1933-1945» i Årbok for Gudbrandsdalen 2006, Dølaringen Boklag 2006.
  • Reiten, Jacob: «Romundgard på Nord-Sel. Kjend både frå Skotte-toget og som skulestad,» i Årbok for Gudbrandsdalen 1978.
  • Tordhol, Kristian: «Dovre Folkehøgskule. 50 år sidan skulen tok til», i Årbok for Gudbrandsdalen 1965.