Folgefonna

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2020 kl. 09:21 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Ullensvang herad» til «[[Kategori:Ullensvang kommune»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Folgefonna frå Haringejuvet, teikning av Andreas Wulfsberg Grøtting (1847).

Folgefonna er landets tredje største isbre. Han ligg på Folgefonnhalvøya i Hardanger, og femner område i kommunane Jondal, Ullensvang, Odda, Etne og Kvinnherad. Det samla arealet er 212 kvadratkilometer, høgaste punktet er 1644 meter over havet og det lågaste 400 meter over havet. Lengden er 34 kilometer, og største breidd er 16 kilometer. Storleiken auka i 1990-åra då det var mykje nedbør på vintrane, men har sidan minska kraftig på grunn av varmare klima.

Namnet kjem frå folga, 'tynt snødekke', frå norrønt folginn, 'skjult'.

Breen vart danna for omkring 5000 år sida etter ein periode med fall i temperatur og auka nedbør; han er altså ikkje ein rest etter istida.

Ein deler gjerne breen inn i tre deler: Nordre Folgefonna på kring 26 km², Midtre Folgefonna på kring 11 km² og Søndre Folgefonna på kring 167 km². Det er også fleire utløparar, der dei mest kjende er Bondhusbreen, Buerbreen, Juklevassbreen og Blomsterskardbreen.

Folgefonna nasjonalpark femner både breen og eit stort område rundt, i alt 545,2 kvadratkilometer. Det er eit populært turområde, der mellom anna Bergen og Hordaland Turlag har fleire turisthytter.

Smeltevatn frå breen vert nytta av Mauranger kraftstasjon, som leiar vatnet gjennom røyr under Bondhusbreen. Blåelva renn mot sørvest, og også her er det bygd kraftstasjonar.

Galleri

Kjelder