Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
<onlynclude>
Begravelsen til Kristoffer Nilsen Langsjøvoll, Tolga 1925.
NEG 240 Død og gravferd er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2012 med tittel Død og gravferd. Utsendar var Audun Kjus. Denne spørjelista har samanheng med NEG 64 Død og begravelse frå 1957.

Introduksjon til spørjelista

Den som besvarer listen er innforstått med at svaret blir arkivert (anonymt) og blir brukt av forskere i dag og i fremtiden. Brukere av materialet må forplikte seg til å verne opp- havspersonens og eventuelt andre personers integritet.

I 1957 spurte vi om skikker rundt død og begravelse. Svarene vi fikk har vært en viktig kilde til denne delen av historien. Vi tror det har skjedd betydningsfulle endringer på dette området i senere år. Vi vil gjerne ha deres hjelp til å dokumentere, både det som har forandret seg og det som fortsatt er slik det var. Les gjennom hele spørrelisten før du begynner å skrive. Lykke til!

Sjå også

Eksterne lenker


Utendørs pinsegudstjeneste på Bygdetunet Brår i Tønsberg, 2009.
Foto: Per Bjerkø
(2009)
NEG 219 Kirkens ritualer i årets løp er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2007 med tittel Kirkens ritualer i årets løp. Utsendar var Ann Helene Bolstad Skjelbred i samband med eit dokumentasjonsprosjekt på Norsk Folkemuseum finansiert av Norsk kulturråd.   Les mer …

Blandaball med koka potet, kålrabi og gulrøter og med flatbrød og vatn til.
Foto: Olve Utne.
NEG 24 Måltider og mat er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Måltider og mat. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

<onlyinclude>
Så snart nyheten om Gunnar Sønstebys død var kjent kom det mange folk til statuen på Solli plass med blomster og lys. Bildet er tatt 11.mai 2012, dagen etter Sønstebys bortgang.
Foto: Siri Iversen
NEG 173 Blomsteralter er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1996 med tittel Blomsteralter. Utsendarar var Hege Westgaard i samband med hovudfagsoppgåva hennar i folkloristikk ved Universitetet i Bergen

Introduksjon til spørjelista

Gjennom aviser og fjernsyn har man i løpet av de siste årene sett at folk legger ned blomster og tenner lys på steder hvor noen har omkommet i ulykker, eller hvor andre tragiske dødsfall har funnet sted. Mellom blomstene og lysene hender det også at folk legger ned små lapper eller brev. Ofte kalles slike markeringer blomsteralter.

Mordet på statsminister Palme, Kong Olavs død og den store Estonia-ulykken er anledninger da mennesker har gitt uttrykk for sin sorg og deltakelse på denne måten. Men også små stille lys langs riksveiene har i de siste årene markert minner om en tragisk ulykke.

I denne spørrelisten ber vi deg svare på noen spørsmål som angår denne skikken. Men ikke minst ønsker vi at du skriver litt om hvilke tanker du gjør deg omkring denne måten å markere dødsfall på.

Snakk gjerne med andre som har opplevet dramatiske dødsfall, og selv har tatt del i de skikkene vi spør etter. Men vær i så fall nøye med å skrive ned alder, kjønn, yrke og bosted til den du refererer til.

NEG sender ut denne spørrelisten i samarbeid med en hovedfagstudent i folkloristikk ved Universitetet i Bergen, Hege Westgaard.

Les gjennom hele spørrelisten før du begynner å skrive. På forhånd takk!

Brukt i publikasjonar

  • Westgaard, Hege «som eit spor». Spontanalteret som moderne sorguttrykk i et kulturanalytisk perspektiv. Hovedoppgave i folkloristikk, Universitetet i Bergen. 1998.

Sjå også

Eksterne lenker


Familien Møller på tur til Jerkholmen i Arendal, 1925.Foto: Borghild Møllers album.
NEG 153 Vårt forhold til naturen er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1989 med tittel Hytter og hytteliv. Utsendar var Tove Nedrelid. Denne spørjelista er del av ein serie spørrjelister som opptek temaet ferie og fritid. Dei andre i serien er NEG 143 Fest i lokalmiljøet, NEG 148 Hytter og hytteliv, NEG 149 Ferier, NEG 150A Lystbåter (kortversjon), NEG 150B Lystbåter og NEG 150C Fritidens båtliv.   Les mer …

Russ med faner 17. mai 1913
Foto: Narve Skarpmoen
NEG 174 Russetid - russeklær er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1997 med tittel Russetid - russeklær. Utsendarar var Anne-Sofie Hanssen og Anne Moestue i samband med Anne-Sofie si hovudsfagsoppgåve i etnologi.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen


 
Andre artiklar