Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Steinkjer Damekor på kortur til Røros. Sangerne er Dagrunn Bakken, Peggy Midjo og Jorunn Brandtzæg.
Foto: Einar Brandtzæg
(1977)
NEG 188 Tanker om det å bli eldre er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2001 med tittel Tanker om det å bli eldre. Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue.   Les mer …

Avhåring på skavebom, Garvarbuda på Nedre Rotset, Volda.
Foto: Heidi Thöni Sletten
(2007)
NEG 135 Garveren og garverhåndverket er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1981 med tittel Garveren og garverhåndverket. Utsendarar var Marit Holme Mehlum, Andreas Ropeid. Denne spørjelista er sendt ut i samhang med NEG 134 Garverhåndverket frå same året.   Les mer …

Frå Nyestøyl i Hoslemoheia i Bykle ca 1941.
Foto: Heimar og folk i Bykle
(2006)
NEG 113 Geitehold er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1967 med tittel Geitehold. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Gustav Nærland.   Les mer …

NEG 37 Høgtidsmat – årsfestar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1953 med tittel Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Denne spørjelista har samanheng med og utfyller NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar frå 1953, NEG 32 Servering av smør frå 1951 og NEG 23 Bordskikk til hverdags frå 1950. I 2009 vart det sendt ut ei ny liste som dokumenterer korleis emnet hadde endra seg deg drøye hundreåret imellom, NEG 228 Store begivenheter - fest og markering.   Les mer …

Reparert pyntetallerken med portrett av Josephine og Oscar I.
Foto: Digitaltmuseum.no/Maihaugen
NEG 258 Ting som bærer minner er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2016 med tittel Ting som bærer minner. Utsendar var Gita-Govinda Frimannslund Storegjerde i samband med mastergradsprosjektet hennar i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen.   Les mer …

To kvinner i arbeidstøy i et vaskeri.
Foto: Kanstad-samlingen, Norlandsmuseet
190 Klesvask og skittentøy er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2001 med tittel Klesvask og skittentøy. Utsendar var Ingun Grimstad Klepp i prosjektet Fra rent til nyvasket, skitne og rene klær etter 1950, finansiert av Norges Forskningsråd for Statens institutt for forbruksforskning (SIFO).   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen


 
Andre artiklar