Forside:Hitra kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. aug. 2008 kl. 21:51 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kat)
Hopp til navigering Hopp til søk
G Schoenning Winge-Kierke, Anex til Hevne (1773).jpg
1617 Hitra komm.png
Hitra kommune er ein øykommune i Trøndelag fylke. Den har namn etter den største av øyane, Hitra på 571,5 km². Kommunen femner òg fleire mindre øyer. Den opphavlege Hitra kommune vart i 1964 samanslegen med kommunane Sandstad, Fillan og Kvenvær. 1. januar 2020 vart Hitra utvida med ein del av tidlegare Snillfjord kommune (Sundan/Hemnskjela), noko som var et resultat av kommunereforma. Den nye kommunedelen, med om lag 300 innbyggjarar, ligg delvis på fastlandet.

Jordbruk og fiske, oftast drive i kombinasjon, er viktige næringsveger i kommunen. Etter verdi på fangsten er Hitra fylkets største fiskerikommune. Industrien er sterkt knytta til primærnæringane, men det finst og sementindustri på Hitra.

Hitra er kjent for sin store stamme av hjort og rådyr, noko som har inspirert kommunevåpenet, i blått sølv hjortehovud.