Forside:Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-Trøndelag • Sør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: Frøya • Heim • Hitra • Indre Fosen • Osen • Ørland • Åfjord
TIDLIGERE KOMMUNE: Bjugn • Halsa • Hemne • Roan • Snillfjord

Om Fosen
Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Andreas Hølaas, også kjent som Andreas Olsen Hølaas.
Andreas Hølaas (født 21. juli 1832 i Leksvik kommune i Nord-Trøndelag, død 17. juli 1907 i nåværende Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder) var utdannet lærer og jurist. Han arbeidet lenge i statsrevisjonen, og fra 1888 til 1907 var han fut i Setesdal. Hølaas var også Venstre-politiker.   Les mer …

Gravsteinen over Ingvar Hestnes på kyrkjegarden ved Valsøyfjord kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2015)
Ingvar Hestnes (1904–1990) var ein spelemann frå Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 av foreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da Ingvar var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les mer …

Bernhard Aadnekvam, bak til høgre, saman med elevar ved Sunde skole.
Foto: Ukjent (utlånt av Sigmund Larsen)

Bernhard Aadnekvam (fødd 17. april 1898 i Masfjorden, død 20. september 1986) var lærar og kyrkjesongar i Rissa. I 1964 fekk han Kongens fortenestmedalje.

Han var son av bonde Ola J. Aadnekvam og Kari f. Duesund. Bernhard Aadnekvam tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923.

Som nyutdanna arbeidde han i åra 1923-27 som lærar ved framhaldsskulen i Rissa. I 1927 vart han konstituert i lærarstilling ved Sunde skole, Sonniskolen, og fekk fast tilsetting i 1928.   Les mer …

Sandstad kirke, der Lars Aalmo var organist.
Foto: Commons-brukeren Gams (2007)

Lars Aalmo (født 12. juli 1898 i Åsskard, død 12. juni 1978) var lærer, organist, skytter og lokalpolitiker i Sandstad på Hitra.

Han var sønn av Gjertrud f. Rimstad og Ole Larsen Aalmo. Faren var lærer og kirkesanger og seinere ordfører i Sandstad. Da Lars var 12 år gammal, i 1910, bodde familien i Fillan kommune på Hitra. Lars Aalmo tok eksamen ved Nordmøre amtsskole i 1914 og gikk ut fra Engebøs Elektoniske Elementærskole i Holmedal i 1917. Han tok eksamen ved Levanger lærerskole i 1921.

Som nyutdanna begynte han 1. juli 1921 som lærer i Akset og Utset skolekretser i Sandstad. I åra 1921-22 var han lærer ved fortsettelsesskolen i Strand i samme kommune (som i 1964 ble en del av Hitra kommune). Fra 1921 var Lars Aalmo også organist i Sandstad kirke.   Les mer …

Sildball med kålrabi, gulrot, potet og flatbrød med smör. Ananasbrus attått.
Foto:  Olve Utne
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme plassar, er ein matrett som hovudsaklig blir bruka kring Ytre Nordmøre og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Noreg. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kuler med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp.   Les mer …

Åfjordsbåtar i Gjøahavn ved Norsk Maritimt Museum på Bygdøy i Oslo kommune. Frå venstre ser vi ein færing (2½ rom, 2 par årar) og ein halvfjerming (3½ rom, 4 par årar); og lengst til høgre ein ca. 6-roms båt som kan vera ein febøring.
Foto: Olve Utne
(2009)
Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden og Trondheimsleia. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt (medan helgelendingane gjerne kallar han geitbåt), er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Fosen
 
Andre artiklar