Fron historielag

Sideversjon per 7. mai 2012 kl. 12:32 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (lenkefiks)

Fron historielag dekker kommunane Nord- og Sør-Fron, altså det gamle Fron prestegjeld. Laget vart stifta 19. august 1928, med Jon Harildstad som formann. Kristofer Fliflet i Gudbrandsdal historielag og historieskrivaren Ivar Kleiven var òg involverte i skipinga av laget. I 1930 ga historielaget ut bygdeboka Fronsbygdin, med Kleiven som forfattar.

Logoen til Fron historielag, teikna av kunstnaren Ragnvald Frøysadal etter ein gamal kyrkjering frå Steig i Sør-Fron.

Seinare har Fron historielag gitt ut fleire bøker, mellom anna Gardar og slekter i Fron (bind 1 og 2) av Einar Hovdhaugen og Historia om Fron (bind 1 og 2) av Ragnar Øvrelid. Laget har sett opp eit bygdatun på bruket Milsteinstugu i Sødorp, i tillegg til fleire andre hus. Historielaget har eige arkiv på Opplandsarkivets Maihaugen-avdeling og arrangerer dessutan historiske vandringar. Eige medlemsblad vert gjeve ut i samarbeid med lokalavisa DølenVinstra.

Styreleiar i 2008 var Pål Kjorstad.

Kjelder og litteratur