Fyresdal Bygdekvinnelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresdal Bygdekvinnelag. Norges Bygdekvinnelag er ein organisasjon bygd på frivillig og personlig medlemskap og medlemskontingent gjennom lokallag, fylkeslag og sentralledd. Organisasjonen er landsdekkande og har lokal- og fylkeslag i alle fylker bortsett frå Oslo.

Byrjinga

Olga Bjoner vart bondekone då ho gifta seg med bonden Jørgen Bjoner i 1912: « På 1920 – og 1930 - tallet reiste den skriveføre, taleføre, musikalske og karismatiske bondekona frå Østfold land og strand med følgende viktige budskap til bygdekvinnene: Organiser dere i bondekvinnelag, delta i valg, vær aktive i samfunnslivet. Bare sammen er dere sterke. Hun ble mottatt som en stjerne hvor hun enn kom. I løpet av tiåret fra midten av 1920-tallet klarte hun å få bondekvinnene til å organisere seg, ta ordet, fremme ønsker og krav. Hun snakket om likeverd og likestilling. Hun fikk bondekvinnene til å innse sin styrke, til å heve sin status, hun ga dem selvtillit og en ny stolthet. Og hun fikk dem til å stemme ved valg. Selve opplevelsen Olga Bjoner ble en frigjøring – et vendepunkt- en vekkelse av ansvar og en spore til nytt håp og ny innsats.» Slik innleiar forfattaren Bjørn Steinar Meyer den nye boka om Olga Bjoner som er ein viktig del av Norges Bondekvinnelags historie. Olga Bjoner bygde ei av landets viktigaste kvinnerørsler – bondekvinnelaget. Kvinna er mannen jambyrdig formante ho sine stolte medlemer. Då krigen kom tok ho valet som gjorde at ein seinare har tidd om henne. Norges Bygdekvinnelag (NBK) blei oppretta som sjølvstendig, ideell og frivillig kvinneorganisasjon 15. november 1946. Organisasjonen blei skilt ut frå Norges Bondelag med formål om å få kvinnene meir med i arbeidet for bygdefolket. Formålsparagrafen: ”Lagets formål er å samle alle kvinner som føler tilknyting til primærnæringane og bygdemiljøet. Norges Bygdekvinnelag er en partipolitisk nøytral organisasjon som skal arbeide til beste for bygdefolkets økonomiske, sosiale og kulturelle interesser og bygge på nasjonal og kristen grunn.” (§ 1 i vedtekter for Norges bygdekvinnelag).

Lokalt lag

Fyresdal Bondekvinnelag vart formelt skipa på Foldsæ landbruksskule våren 1937 men vart altså ikkje sjølvstendig før etter krigen 1940-1945.. Det ein veit er at Signe Veum-Nesland var formann i 1941 og Sigrid Veum var med i styret. (Denne bolken er under utarbeiding!)

Namneendring

På årsmøtet 8. november 1999 hjå Grethe Momrak-Haugan på Øvre Haugane i Hauggrend vart det drøfta namneendring frå Fyresdal Bondekvinnelag til Fyresdal Bygdekvinnelag. Ein milepåle, ei viktig oppdatering og i samsvar med NBK.

Fyresdal Bygdekvinnelag har engasjert seg i eit vidt spekter av oppgåver og utfordringar:

Veum kyrkje – tekstiler Ved ljosmessa 14. desember 1997 vart det innvigd ny alterduk i Veum kyrkje. Kunstnar i kyrkjetekstil Anne Landsverk frå Lisleherad har utforma og teikna duken. Symbolikken er henta frå alteret: Krossen som eit ljos- og livssymbol, ei Olavs-rose. Inga Rindebakken brodera duken som var ei gåve til kyrkjelyden og kyrkja frå bondekvinnelaget.

Moland kyrkje - tekstiler Astri Snarteland, Anne Grete Hassum og Torbjørg Skar har brodera alterduken og Signe Tveiten har vevd antependiet på alteret og preikestolkledet som vart teke i bruk ved bispevisitasen 3. mars 1983. Dette var ei gåve frå Fyresdal bondekvinnelag.

Årlege utstillingar med historiske tema, den fyrste i 1984.

• 1984 Bunader • 1985 Bunadsskjorter • 1986 Barneleiker før plast og masseproduksjon • 1987 Pyntehandkle – vaskestell – nattpotter • 1988 Dåps – og sendingsutstyr • 1989 Gamalt middags – og kaffiservise • 1990 Skjenkekanner og skjenkeutstyr • 1991 Handarbeidde puter • 1992 Vottar og gamle skriftord i broder • 1993 Gjenstandar i kopar, messing og tinn • 1994 Gamle instrument • 1995 Kjøkkenreiskap • 1996 Forklær for store og små • 1997 Resultat av sundagsstakk – og pikebunadskurs • 1998 Strikkearbeid av forskjellig art • 1999 Gamalt undertøy/nattøy • 2000 Symaskiner og tilbehør • 2001 Kommunikasjon – radioar – fasttelefonar – mobiltelefonar – telegram • 2002 Kakeboksar og matskrin • 2003 Gamle fat med skrift på • 2004 Krydderkrukker, dukar og kokebøker • 2005 100årsfeiring for unionsdoppløysinga 1905 2005 • 2006 Hårstell gjennom generasjonar • 2007 Badedrakter og utstyr gjennom tidene • 2008 «Fire friske fruer frå Fyresdal» - keramikk. • 2009 Gamle juledukar og julepynt av alle slag • Vert oppdatera! Utstillingane har vore i Det gamle Bakeriet eller på Øystad, båe i Folkestadbyen og då eigd av Fyresdal Bygdemuseum, eller i samlingsbygget til Fyresdal Bygdemuseum i Øyskogen. Som regel opna på bygdedagen i juni og halde fram utover sumaren. På bygdedagen sel og bygdekvinnelaget kvart år rømmegraut ved stabbura på museet i Øyskogen, dette har stor ringverknad i form av kontakt og marknadsføring av laget.

Innsamling og registrering av tradisjonsstoff

Telemark Bygdekvinnelag har teke initiativ til fleire innsamlingar og registreringar av tradisjonsstoff med på fylgjande utgjevnad av bok der Fyresdal Bygdekvinnelag har vore ein sers viktig lokal aktør. Til dømes ei om bunader i Vest-Telemark, ei om høgtider i året og i livet, ei om mat frå Telemark og ei serleg retta mot bruk av poteter. Fyresdal Bygdekvinnelag har som ein del av Norges Bygdekvinnelag jakta på tradisjonsrike oppskrifter i Tradisjonsmatjakten. Oppskriftsinnsamlinga er ein del av prosjektet "Norsk tradisjonsmat" som vart gjennomførd i 2017. Prosjektets mål er å skape interesse for norsk tradisjonsmat og få fleire til å ta norske mattradisjonar i bruk. Dette skal skje gjennom den nye nettsida: norsktradisjonsmat.no der oppskrifter og historier om tradisjonsmat frå heile landet er samla . Fyresdal har med oppskrifta Spikjefisk

Brurebunad til utleige

Fyresdal bygdekvinnelag ynskjer å hjelpe brudepar som vil gifte seg i bunad ved å syne korleis ein korrekt brurebunad frå Vest-Telemark skal vere, og har difor og ein slik til utleige. Etterspurnaden har variert. Ein tenkte og å ha ein mannsbunad til utleige, men fann dette ikkje aktuelt nok til å skaffe ein.


Sauesleppsmesse

I sauebygda Fyresdal var det eit ynskje om å ha ei gudsteneste på ein gard med sauer om våren medan sauene var heime og markera seg, og før dei drog på heia. Ei messe kvart år og skifte på dei ulike grendene. Bygdekvinnelaget stod for serveringa. Sosialt betydde eit slikt variert opplegg mykje, men etter kvart vart det eit problem å skaffe vertsgardar og ein gjekk over til å ha messe i Moland kyrkje og bevertning i prestegardshagen, framleis i regi av Bygdekvinnelaget. Den førebels siste messa på gard var på Øvre Haugane 2. juni 2013.


Oss kvinner imellom

Med støtte frå Gjensidigestiftelsen satsa Norges Bygdekvinnelag i 2017 og 2018 på å styrke inkluderings-arbeidet i organisasjonen gjennom prosjektet «Kvinner Ut», i Fyresdal nytta nemninga «Oss kvinner imellom». Brei informasjonsformidling, nettverksbygging og samarbeid er lagets effektive reiskapar i det viktige inkluderingsarbeidet. Viktigast å ha det gøy saman! I byrjinga held laget ei tettare kontakt med minoritetskvinnene, enten ved direkte kontakt eller gjennom vaksenopplæringa og norskundervisninga, og det vert arrangert aktivitetar ein gong i månaden. Etter kvart vert desse aktivitetane lagt i den årlege planen til bygdekvinnelaget og dei vert etter kvart involvera i arbeidet i miljø der borna deira er aktive og vert då kjent med andre foreldre. Ei rekke temakveldar vert arrangert i miljø der innvandrarkvinnene kjenner seg trygge, men tanken er ei fullstendig inkludering i miljøet i bygda der bygdefolket og vert kjent med innvandrarane.

Jubileumsfeiringar

  • 40 år. Annveig Veum hadde skrive ein sers god prolog.
  • 60 år. Dette vart feira 10. april 1997 på Sørnorsk Økosenter Foldsæ. Rømmegraut og spekemat, kveding, song og fløytespel og piano. Historien vår ved Astrid Ormtveit. Jubileumsvideo??
  • 70 år. Denne vart feira på samfunnshuset i Fyresdal. Tema var ein smak av Fyresdal og brubygging mellom unge og eldre – naboar, bygder og nasjonar. Det vart laga ein jubileumsplakat av Ellen Margrethe Garn som synte gamle bruer i bygda.
  • 75 år. Festkveld på Kvipt gjestegard. Teater Ibsen: Den unge Sigrid Undset. Opplesing frå den fyrste møteboka.
  • 80 år. Det vart skipa til ein fest for medlemer på Fossum Kurs- og Feriesenter sundag 12. november 2017. Der var underhaldning, middag, og kaffi/te/kaker. Kristi Kinsarvik framførde sin kabaret Livets dans om Inger Hagerup.


Kulturpris frå Fyresdal kommune

Fyresdal Bygdekvinnelag fekk Fyresdal kommune sin kulturpris i 2014. Rosande omtale av laget sin innsats, diplom teikna av Judith Boumann og kr. 8000,-. Ei god oppmuntring på vegen vidare.

Heimeside

Bygdekvinnelaget fekk tidleg si eiga heimeside, er og aktiv på facebook og i kommuneinformasjonen, tanken er å få til best mogleg informasjon og nå flest mogleg innbyggjarar.

Brønnøyregisteret

Bygdekvinnelaget vart og tidleg med her.

Møteverksemd

På dei ulike møta er det gjerne eit tema for kvelden. Desse er av ulik art og kan til dømes vere graut, matpakke, barnevernssaker, sokkeband, strikking, bunader i Vest-Telemark gjennom 200 år og liknande. Eller det er større og meir krevjande tema som kurs i veving av forkleband, barnebunadskurs og laseringskurs.


Kjelder og utdjupande lesnad

  • Fyresdal Kyrkjelydsblad 1997.
  • Brundtland, Grethe: Hun vi ikke snakker om. Bygdekvinner. Utgåve 3 – 2017 s. 23
  • Meyer, Bjørn Steinar: Førerkvinnen. Commentum forlag 2017
  • Inkluderingsprosjektet «Kvinner ut». Fyresdal. Bygdekvinner utgåve 3-2017 s.16
  • Telemark Bondekvinnelag: Mat frå Telemark. Oppskrifter og tradisjonar samla inn av lokallaga sine medlemer. Red.: Bo Lilledal Andersen. Utgjeve august 1994
  • Telemark Bygdekvinnelag: Jordeple og søteple. Potet og eple. Oppskrifter og tradisjonsstoff. Samla inn av lokallaga sine medlemer. Utgjeve oktober 2011.
  • Telemark Bygdekvinnelag: Høgtider i året og livet. Rikt og variera stoff om tradisjonar i Telemark samla ved hjelp av stort engasjement av lokallag. Red. Guro Nordby. Utgjeve august 2007.
  • Noss, Aagot: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark. Eit imponerande innsamlings- og registreringsarbeid der lokalkjende bygdekvinnelagsmedlemer spela ei heilt sentral rolle. Instituttet for sammenlignende kulturforsking. Novus forlag Oslo 2003

Norges Bygdekvinnelag på nett


Biletgalleri